HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarAvgrensa høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004. Merknadsfrist 14.desember 2022

Avgrensa høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004. Merknadsfrist 14.desember 2022

Saka gjeld detaljregulering av næringsområde Holmane i Fotlandsvåg. Hovudformålet med planarbeidet er å utvida eksisterande næringsområde gjennom utfylling i sjø og legge til rette for langsiktig områdeutvikling. Planframlegget legg til rette for at eksisterande verksemder kan utvide og at det kan etablerast nye bygg som kan gje moglegheit for andre verksemder. 

Tiltakshavar er Lobas AS og plankonsulent er Asplan Viak.

Historikk

Planframlegget vart 3.gongs handsama av plan- og kommunalteknisk utval 24.08.2022 og har vore på høyring og offentleg ettersyn i perioden 25.08.22-09.10.22. Det kom inn 6 merknadar til planen, der 3 er motsegn. Motsegn var frå Statens vegvesen, Fiskeridirektoratet og samordna motsegn frå Statsforvaltaren.

Omsyn bak motsegna er teke til følgje og er innarbeida i planframlegget.

Hensikten med ei avgrensa høyring er å orientere sektormynde og naboar om endringane etter 3.gongs høyring og offentleg ettersyn med føremål om trekking av motsegn som er fremma til planframlegget. Etter avgrensa høyring vil eventuelle merknadar takast med vidare i handsaming av planen fram mot vedtak.  

Plandokument

  1. Merknadsoppsummering av merknadar til 3.gongs høyring og offentleg ettersyn
  2. Plankart datert 12.08.22
  3. Føresegn datert 11.11.22
  4. Planskildring datert 11.11.22
  5. ROS-analyse datert 11.11.22
  6. Administrativt vedtak om avgrensa høyring og offentleg ettersyn.  
  7. Vedteke planprogram, datert 10.04.2014

Trykk her for å kome til dokumenta som følger med planframlegget til 3.gongs handsaming.

Merknad 

Etter avtale med offentlege mynde som har fremma motsegn vert høyringsperioden sett til 3 veker, med frist 14.12.22.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. 

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».


Sist oppdatert: 01.12.2022
Publisert: 22.11.2022