Gjerde, levegg og støyskjerm

Gjerde kan vere plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typar rekkverk med ein enkel og open konstruksjon. Open konstruksjon er ein konstruksjon der både dei som går og køyrer lett kan sjå gjennom konstruksjonen, uansett kva vinkel dei kjem frå.

Levegg er ein tett skjerm som skjermar for innsyn og støy, og gir ly for vinden. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygningen.

Støyskjerm er ein tett skjerm som avgrensar for innsyn og støy, og gir ly for vinden. Støyskjermen er ofte noko lengre enn ein levegg, og har lyddempande material.

Gjeldande plan for eigedommen kan ha eigne reglar om oppsetting av gjerde, levegg eller støyskjerm. I tillegg kan veglova sine reglar gjelde for desse tiltaka, og kan krevje dispensasjon frå byggegrense mot offentleg veg.

Trykk her for å lese om byggjegrense til veg

Du treng ikkje søkje dersom
  • Gjerdet er ope og luftig til nabogrensa, og maks 1,5 meter høgt.
  • Gjerdet som blir sett opp i grensa til regulert veg og er lågare enn 0,5 meter. Det skal være fri sikt til vegen, både frå eigen og andre sin avkøyrsel.
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang, blir plassert inntil 1 meter fra nabogrensa og plassert med tilstrekkeleg avstand fra offentleg regulert veg. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygning.
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og maks 5 meter lang, plassert i nabogrensa og blir plassert med tilstrekkeleg avstand fra offentlig regulert veg. Leveggen stå fritt eller henge saman med bygningen.
Du kan søkje sjølv dersom
  • Andre gjerde, til dømes tette gjerder, som ikkje kjem inn under unntaka over
  • Leveggar som er høgare og/eller lengre enn det som går fram over.
Du må søke med hjelp fra fagfolk dersom
  • Du skal setje opp eller rive ein støyskjerm.
  • Andre gjerde (tette og «tunge» gjerde) og andre leveggar enn dei som er nemnt over
  • Døme på slike konstruksjoner er store tunge leveggar, skjermvegg eller innhegning

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Søknaden må innehalde
  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • terrengprofilar som viser høgder og lengder
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 16.11.2018