Idrett og friluftsliv
Idrettsanlegg
Osterøyhallen
Drifta av Osterøy Aktiv AS
Speleflate 40x20m merka for dei fleste ballidrettar innandørs som handball, volleyball og basketball. Hallen kan delast inn i tre like delar med skiljeveggar.
4 garderobar med toalett og dusj, samt kjøken og møterom. Utleige av bord og stolar.
Ynskjer du å leige? Ta kontakt med dagleg leiar: Thor-Eivind Mjelde
- Telefon: 56 39 45 20
- Mobil: 948 00 923
- E-post: post@osteroyhallen.no
Utandørsanlegg
Skiløyper
Det er to lysløyper på Osterøy. Så lenge verforhalda tillèt det, er vert det kjørt opp spor i løypa.
Lysløypa på Vare er drifta av Fotlandsvåg IL. Informasjon om føre og arrangement vert lagt ut i Facebookgruppa Lysløypa på Vare
Lysløypa på Rolland er drifta av Osterøy IL. Informasjon om føre og arrangement vert lagt ut på Facebooksida til Rolland Lysløype
Skitur frå Njåstad til Borgosætra eller Brøknipa er også å anbefale om ver og føre tillèt det. Turen er kring 9,5 km lang. Osterøy Røde Kors kvistar løypa frå Njåstad til hytta på Borgosætra på frivilleg basis kvar vinter før påske, og har beredskapsvakt ved Borgosætra i påsken dersom det er fine forhold i fjellet.
Kunstgrasbaner
Det er 5 kunstgrasbaner i Osterøy kommune. Alle banene er drifta av lokale idrettslag.
Fotlandsvåg idrettsplass - Fotlandsvåg IL - 11-er bane
Osterøy stadion kunstgras - Osterøy IL - 11-er bane
Furubakken idrettsplass, Valestrand - Valestrand Hjellvik FK - 11-er bane
Hausvik idrettplass - Hausvik FK - 11-er bane
Hjellvik idrettsplass - Hjellvik IL - 7-er bane
For meir informasjon ta kontakt med dei ulike idrettslaga.
Friidrettsanlegg
Osterøy Stadion
Osterøy stadion har rundbane med 6 felt med tartandekke og er godkjent for konkurransar. Her er også stadion med naturgras, kastefelt og hoppegrop. Osterøy stadion har klubbhus med garderobar, sekreteriat, kjøken og samlingslokale tilknytt stadion. Osterøy IL driftar Osterøy Stadion.
Hausvik
Hausvik stadion har 3 løpebaner med tartandekke på eine langsida av kunstgrasbana og i kurvane på kortsida. Det er hoppegrop, kastefelt til kule og ballbinge tilknytt anlegget. Hausvik Fk sitt klubbhus ligg ved fidrettsanlegget og har garderobar, kjøken og samlingslokale. Hausvik FK driftar anlegget i Haus.
Skytebane
Osterøy Skytterlag har etablert ei skytebane på Tysse nord på Osterøy.
For meir informasjon ta kontakt med Osterøy Skytterlag.
Rullebrettpark
Rullebrettparken ligg like ved Osterøy ungdomsskule og Osterøy stadion. Den har 3 rampar/bowls og er kring 200 kvm.
Friluftsliv og turområder
Bade- og friluftsområder
Osterøy kommune er medlem i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) som eig og driftar ei rekkje friluftsområde i kommunen. BOF har som oppgåve å sikre, tilretteleggje, informere og stå for dagleg drift av bade- og friluftsområde i heile Bergensregionen.
Trykk her for å opne kart over friluftsområder som BOF driftar.
Trykk her for å lese meir om BOF.
www.UT.no
På tursida www.UT.no finn du meir en 10000 turforslag og rundt 1100 hytter og overnattingsstader over heile landet. Her er det mange gode forslag til turar i Osterøy kommune.