HeimNatur, kultur, ferie og fritidLag og organisasjonar

Lag og organisasjonar

Folkeakademiet Osterøy

Folkeakademiet Osterøy (FAO) er lokallaget for det landsdekkjande Folkeakademiet. Organisasjonen er delt inn i fylkeslag og lokallag.

Folkeakademiet får overført statlege midlar til kulturarrangement som blir tildelt lokallaga på bakgrunn av aktivitet og rapportering. Kulturaktørar på Osterøy kan søkje FAO om støtte til sine arrangement. Privatpersonar, lag og organisasjonar kan også bli medlemmer i FAO.

Av faste oppgåver på Osterøy kan nemnast «Den kulturelle spaserstokken» og støtte til Senioruniversitetet Osterøy.

Kontaktpersonar: Kristoffer Foldøy (mail: krifolder@gmail.com) og Rolf Kalland (mail: kalland.rolf@gmail.com)

Osterøy pensjonistlag

Vi har for tida 62 medlemar. Vi slit med rekrutering til laget og det har desverre gått nedover med medlemstalet. Vi har medlemsmøte på Osterøytunet kvar siste onsdag i månaden i Januar, Februar, Mars, April, August, September og Oktober. Årsmøte har vi i Januar. I tillegg har vi eit julemøte (julebord) i November. Vi har nokon postar som fast program. Ord for dagen og Ferdafanten, og så har vi mykje allsong og er så heldige å ha ein som spelar trekkspel til songane. Ellers er sjølvsagt ordet fritt. Det kan og være ein viset bilete eller som kan kåsere om diverse saker, eller nokon som har song eller musikk å framføre.

Vi arrangerar og 2 turar for medlemane. Ein 4-5 dagars tur om forsumaren vanlegvis i Juni. Så har vi ein dagstur på ettersumaren.

Leiaren vår for tida er Berta Seime og styret ellers har 6 medlemar. Eigen turnemd som arrangerar turane.

Kontaktperson: Harald Revheim tlf. 92634993 e-post: ha.j.rev@gmail.com

Kontakt oss

Dersom du oppdagar feil i oversikta eller ynskjer å få ditt lag inn på lista, send ein e-post til heimesida@osteroy.kommune.no 


Sist oppdatert: 12.11.2020
Publisert: 28.11.2018