Søkje hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.

Ønskjer du ei vurdering av behovet ditt for hjelpemiddel på kortidsutlån, ta kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut først.

Trykk her for å lese meir om ergoterapitilbodet vårt.

Trykk her for å lese meir om fysioterapitilbodet vårt.

Har du det vi kallar varig behov for hjelpemiddel, tar du også kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.

Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer hjelpemiddel på heimesida til NAV.

Slik søkjer du

Ta kontakt med ein servicemann på hjelpemiddellageret eller med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen om du skal låne hjelpemiddel i ein kortare periode. 

Kontaktinformasjon finn du nedst på sida. 

Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemiddel.

Kva får du?

  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale:
    - toalettforhøyer
    - armlene til toalett
    - toalettstol
    - dusjkrakk
    - badekarbrett
    - hjartebrett
    - transportrullestol
    - gåbord
    - rullator
    - trillebord/serveringsbord
    - terskeleliminator
  • Enklare service/vedlikehald av hjelpemiddel

Krav til søkjar

  • Skal du låne hjelpemiddel, får du som regel levert utstyret heim til deg. 
  • Du treng ikkje tilvising frå lege for å låne hjelpemiddel.

Opningstid

Det kommunale korttidslageret har betent opningstid mellom klokka 08.00 - 15.30. 

Besøksadresse:

Osterøytunet
Hauge
5281 Valestrandsfossen

Kontakt oss

Servicemenn: 

  • Andreas Revne
  • Øystein Tveiterås

Leiar Ergo- og fysioterapitenesta og praktiserande ergoterapeut

Anne Sidsel Hoel

Fysioterapeuter

Runa Ytrestøl Vedå 

Kristin Kolstad

 


Sist oppdatert: 10.07.2019
Publisert: 01.06.2018