Søkje ergoterapi

Dersom du har nedsett fysisk funksjonsevne, kan ergoterapeuten hjelpe deg til å trene og leggje til rette for meistring av aktivitetar som er viktig for at du skal kunne leve eit aktivt liv og delta i samfunnet.

Du kan få oppfølging av ergoterapeut i eigen heim, i barnehage, på skule, på arbeidsplass, på institusjon eller i fysio- og ergoterapitenesta sine lokaler.

Kva kostar det?

Ergoterapi er gratis.

Kva får du?

Ergoterapeuten kan hjelpe deg med:

  • kartlegging av funksjon og omgjevnader
  • tilpassing og tilrettelegging av aktiviteter
  • trening knytt til daglege gjeremål
  • trening knytt til finmotoriske ferdigheiter/handfunksjon
  • trening knytt til kognitive ferdigheiter
  • tilrettelegging av omgjevnader for at den enkelte kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet
  • å kompensere for tap av funksjon ved til dømes formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
  • rådgjeving og informasjon til brukar, evt. føresatte og samarbeidspartar

Har du behov for hjelpemiddel for ein periode, kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret.

Trykk her for å lese meir om hjelpemiddel.

Krav til søkjar

Tenesta er eit lågterskeltilbod for barn, vaksne og eldre som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege.

Kontakt oss

Ergoterapeut og leiar for ergo- og fysioterapitenesta

Anne Sidsel Hoel

Besøksadresse

Osterøytunet
Hauge
5281 Valestrandsfossen

Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 01.11.2018