Sjukeheimen vår

Kontakt oss

Resepsjon

Einingsleiar Lina Traskinaite

Følg Osterøytunet på Facebook.

Besøksadresse: 

Osterøytunet 3

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart

 

Om oss

Vi opna i januar 2004 og er organisert i 3 avdelingar med totalt 7 grupper og 65 einsengsrom.
Vegg i vegg med Osterøytunet ligg Hauge bufellesskap, med 16 bueiningar som er organisert under heimetenesta.

Tilbod og aktivitet

Sjukeheimsplass er et tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. Du kan få tilbod om eit korttidsopphald eller langtidsopphald. Les meir om sjukeheimsplass her.

Dagrehabilitering er eit tilbod ein dag i veka som ein vert tildelt etter søknad. Her er det fokus på fysisk aktivitet, primært lagt til rette for heimebuande personar som treng spesiell opptrening for ein kortare periode, etter t.d. sjukdom / sjukehusopphald. Les meir om dagrehabelitering her. 

Sjukeheimslegen er på Osterøytunet kvar veke og elles når behov melder seg. Det er også ergo/fysioterapiteneste ved Osterøytunet, der ein kan søkja om tenester. 

Andakt kvar veke i matstova. 

Kvilerom og rom for pårørande. Rommet er tenkt brukt av pårørande som treng å overnatta eller berre kvila ei stund. Det kan til dømes nyttast av tilreisande, eller ved samvær med alvorleg sjuke og døyande pasientar. 

Informasjon til deg som pasient

Orientering til deg som er ny pasient ved Osterøytunet

Tidspunkt for fellesmåltid:

Det kan vera litt variasjon mellom gruppene, men cirkatidene er:

  • Frukost: 09.00
  • Lunsj: 12.30
  • Middag: 16.00
  • Kveldsmat: 19.30

Det vert i tillegg servert måltid etter den enkeltes behov.

Personlege eigedelar – kva du kan ta med deg:

Du må gjerne ta med fotoalbum, bilete på veggane, pyntegjenstandar og eventuelt møblar som ”godstol” og TV til rommet ditt. Det gjev også personalet betre høve til å verta kjende med deg.

Merking av privatklede:

Osterøytunet sender pasientkleda til Opro vaskeri, men har også vaskemaskin på kvar gruppe. Pasientkleda må difor merkast med namn. Namneband kan tingast hjå SABO A/S. Det kan også gjerast avtalar med pårørande om å ta kleda heim for vasking, dersom dette er ynskjeleg.

Besøk:

Gruppe 7 har visittid frå kl. 17.00-19.30. Dei andre gruppene tar imot besøk når det passar for pasientane.

Dørlåsar:

Alle gruppene har ein knapp for elektronisk opning av inngongs /utgongsdørene. Gruppe 1, 2 og 3 som er særleg tilrettelagde for pasientar med framskriden demenssjukdom heldt utgangsdørene låst; dette for å forhindra at pasientane går ut utan fylgje med personale eller pårørande. For å opna dørane ut av gruppa nyttar ein kodelås og kodenummer som er montert ved døra.

Innkomstsamtale:

Sjukepleiar på gruppa vil ha ein innkomstsamtale med deg og pårørande. Her vil me til dømes ta opp:

  • Di livs-og sjukehistorie
  • Kva slags forventningar og tankar du og dine pårørande har til opphaldet?
  • Kost og diett: kva er du glad i – er det særlege omsyn eller ynskje om mat?
  • Oppbevaring av medisin og eventuelt verdisaker.
  • Å avklara kven er nære pårørande; kven kan personalet kontakta ved behov?
  • Besøk til familie og heim.

Personalet ved Osterøytunet ynskjer deg hjarteleg velkomen og vonar du kan kjenna deg trygg og trivast under opphaldet.

Sjå brosjyre her. 


Sist oppdatert: 11.04.2024
Publisert: 27.11.2018