Ønskjer du å bidra?
Leige ut bustad til flyktningar
Osterøy kommune skal busette 65 flyktningar i 2022. Vi har difor behov for å leige bustader hjå private.
Behovet vil vere tilstade i heile år, og vi har like stort behov for leiligheter og hus ut over hausten som vi har nå. Har du noko ledig, eller får du noko ledig i løpet av året? Fyll i så fall ut dette skjemaet, så tar vi kontakt fortløpande:
Hjelpe på andre måtar?
Osterøy integrerings- og læringssenter vil trenge fleire Osterøyvener.
Ein Osterøyven er ein familie frå Osterøy som får tildelt ein nyinnflytta familie, og vil få eit ansvar for å bidra til at desse blir kjent på, og med, Osterøy.
Ta kontakt med Osterøy integrerings- og læringssenter på telefon 56 19 27 52 om det er av interesse.