HjemSamfunnstryggleikOppfølging VotloSkredfarerapport med faresoner for Votlo er ferdigstilt

Skredfarerapport med faresoner for Votlo er ferdigstilt

Onsdag 24.01.2018 var ordførar, rådmann og ein medarbeidar i møte i Haus for å orienterte om oppfølgingsarbeidet i høve til skredfaren på Votlo. Geologane er no ferdige med rapport etter skredfarekartlegging av eit større område på Votlo. Artikkelen gjer greie for den kunnskapen kommunen no har om situasjonen.

Skredfarekartlegginga for Votlo utført av SWECO er no ferdigstilt og viser at det framleis er relativt høgt sannsyn for jordskred i området der skredet gjekk 7.des. I tillegg er det påvist steinsprangfare i søraustlege delar av Votlo. Faren er ikkje vurdert å vera akutt, men fleire bygg har ikkje tilstrekkeleg sikkerheit i høve til regleverket og det anbefalast å iverksette sikringstiltak. Det er langvarig og intens nedbør som i hovudsak forårsakar jordskred, medan steinsprang har fleire og meir komplekse utløysingsårsakar.

Naturfare som steinsprang og jordskred er noko som er relevant fleire stader på Vestlandet grunna bratt terreng og mykje nedbør. Auka nedbør som følgje av klimaendringar vil enkelte stader bidra til at faregraden aukar, særleg for jord – og sørpeskred. Ein litan grad av risiko må ein derfor pårekne i dette landskapet, men uakseptabel risiko bør avdekkast og forhindrast.

Fareområda som er avdekka på Votlo er delt inn i sonar for såkalla nominell årleg sannsyn for skred. Byggeteknisk forskrift (TEK17) definerer kva som er akseptabel skredfare for ulike typar bygg. Der det er sannsyn for at det kan gå skred oftare enn ein gong kvart hundre år (brun sone) er det etter dagens regelverk ikkje tillete med busetnad eller andre bygg. Der det er sannsyn for  at det kan gå skred oftare enn kvart 1000 år (raud sone) er det heller ikkje tillete med  busetnad, men andre bygg som ikkje medfører varig opphald kan etablerast, slik som garasjar, bodar, naust o.l. I den gule sona, der det er sansynn for at det kan gå skred oftare enn kvart 5000 år er det tillete med ordinær busetnad som einebustader, men ikkje byggverk som husar fleire enn 25 personar, slik som skular, sjukehus og liknande. For bygg som ikkje har tilstrekkeleg sikkerheit mot skred kan det i mange tilfelle utførast sikringstiltak for å oppnå krava til skredsikkerheit. For veg er det vanleg å legge årsdøgntrafikk (ÅDT) eller brukshyppighet til grunn for ei vurdering om vegen bør sikrast.

Regelverket har ikkje tilbakevirkande kraft, men der det er avdekka skredfare blir det normalt ikkje gjeve løyve til nye tiltak utan at det vert sikra. I utgangspunktet er det den enkelte grunneigar som er ansvarleg for å sikre eigen tomt mot skred. Kvar enkelt grunneigar som er berørt av skredfare vil få eige brev om dette. Ved skredhedingar i gamle bustadfelt slik som på Votlo er det naturleg at kommunen bistår i utgreiingsarbeidet og koordinerer søknad om støtte til prosjektering og sikring frå NVE.

Skredfarerapporten som no er ferdigstilt gjeld naturleg terreng og seier ingenting om moglege sikringstiltak. For området som rasa ut 7. desember 2017 vil anbefalingar til sikringstiltak kome fram av ein geoteknisk rapport som Instanes Polar utarbeidar. Desse anbefalingane vil bli gjennomgått på eit folkemøte for innbyggjarane på Votlo. Stabilitetsvurderingar av fyllingar, murar og andre inngrep i naturen på enkelttomter vil bli informert om i eige brev til grunneigar. Her må den enkelte pårekne å utføre eventuelle sikringstiltak sjølv.

Arbeid vidare

Det vert no jobba vidare med detaljerte kartleggingar og undersøkingar av fagpersonar knytt til sikringstiltak i området. Når kommunen har fått meir detaljar og utfyllande informasjon om dette vil vi invitere til nytt møte med innbygjarane på Votlo. Vi vil da også presentere dei anbefalingane vi da har for vidare arbeid med prosjektering og sikring. 

Folkemøte: Det vert gjennomført folkemøte den 12.februar 2018 med utfyllande informasjon om aktuelle tiltak og kva som kan gjerast vidare for å redusere risiko for fleire skred i området. Det kjem eigen kunngjering om detaljar når dette er klart.

Informasjon og møte med særleg berørte grunneigarar:  Vil vil forsøke å følge opp dei som er særleg berørte i veke 7 og 8 med utsending av informasjon og direkte dialog.

For spørsmål knytt til naturfare på Votlo og arbeidet med oppfølging ta kontakt med Roald Hovden på tlf. 56 19 21 13 eller Siren Juliussen tlf. 56 19 21 75


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 11.12.2018