HjemOm kommunenTilgjengelegheitserklæring

Tilgjengelegheitserklæring

Kva gjeld erklæringa for?

Tilgjengelegheitserklæringa gjeld for nettsida til Osterøy kommune, inkludert "Minside".

Erklæringa gjeld ikkje andre subdomene under osteroy.kommune.no, til dømes kommunen si innsynsløysing og skjemaløysing.

Me har eigne tilgjengelegheitserklæringar for Fiks eDialog og Fiks bekymringsmelding. Du kan lesa informasjon om desse lengre ned på denne sida. 

Kven er ansvarleg for nettstaden?

Leiar for stab, støtte og utvikling har systemansvar for osteroy.kommune.no og skal i tillegg til å halde nettstaden oppdatert:

  • sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
  • sikre klart språk
  • sikre god universell utforming

Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."

Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider.

Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Sem & Stenersen Prokom.

Trykk her for meir informasjon om vår tekniske leverandør på prokom.no.

Slik jobbar vi med nettsida vår

Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med nettsida vår.

For å kvalitetssikre nettsida bruker vi analyseverktøyet Monsido.

Vi jobbar vidare med innhaldet på nettsida med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.

Vi skal mellom anna:

  • oppretthalde og videreutvikle universelt utforma nettside
  • bruke klart og tydeleg språk
  • tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
  • sikre universell utforming ved val av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system
  • rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav
Status for samsvar med krav

Osteroy.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.

Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 9 av 47 krav i regelverket.

Vi jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.

Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæringa for Osterøy kommune

Gi oss tilbakemelding!

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikke er godt nok universelt utforma?

Send ein e-post til heimesida@osteroy.kommune.no, eller ta kontakt med innbyggjarservice på telefon: 56192100.

 

Tilgjengelegheitserklæring for Fiks eDialog

Nettstaden https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/864338712 er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt. 

Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 12 av 47 krav i regeleverket.

Vi jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.

Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæringa for Fiks eDialog for Osterøy.

Tilgjengelegheitserklæring for Fiks bekymringsmelding

Nettstaden https://bekymringsmelding.fiks.ks.no er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt. 

Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 3 av 47 krav i regeleverket.

Vi jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.

Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæringa for Fiks bekymringsmelding for Osterøy.


Sist oppdatert: 31.01.2023
Publisert: 27.01.2023