HjemOm kommunenMiljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Osterøy kommune og Miljøfyrtårn

Osterøy kommune heldt på med å Miljøfyrtårnsertifisere alle sine bygg og einingar. Rådhuset vart sertifisert hausten 2022 og Familie- og omsorgssenteret vart sertifisert våren 2021. Arbeidet fortsett vidare med dei andre underliggande einingane som skular, barnehagar, sjukeheimen, avlastningstenesta og brann- og redningstenesta. Målet er at alle dei kommunale bygga og tenestene skal verte sertifisert innan utgangen av 2025.

I arbeidet med miljøfyrtårn jobbar vi for å redusere vår påverknad på det ytre miljø ved å redusere avfallsmengda og auke kjeldesorteringsgraden, vi jobbar med innkjøp og har eit fokus på reisevaner vi gjer i arbeidstida. Vi ønsker også å jobbe for at Osterøy kommune skal bli ein kjekkare plass å arbeide. 

Ved å kartlegge korleis vi driv i dag, kan vi setje inn tiltak for å nå dei måla som vi set oss. Fleire og fleire private verksemder i kommunen er sertifisert og ordføraren har gledeleg vore med på utdeling av diplom til nokre av desse. Osterøy kommune oppmodar og heiar fleire fram til å ta eit samfunnsansvar ved å sertifisere seg etter ei godkjent sertifiseringsordning.

 

Miljøfyrtårn er eit verktøy med fokus på kontinuerleg forbetring. Målet er at Osterøy kommune som verksemd dreiar i retning mot ein meir effektiv drift ved å kartlegge korleis drifta vår er i dag, og vi deretter set konkrete mål for å redusere forbruket vårt, jobbe systematisk innanfor HMS, verte meir energieffektiv, gjere ansvarlege innkjøp, vere bevisst korleis vi reiser i samband med arbeidsreiser og bidrar til ein auka sirkulær økonomi (altså å kjeldesortere). For å verte godkjent som Miljøfyrtårn må vi oppfylle fleire kriterie innanfor arbeidsmiljø, avfall, innkjøp, transport og energi. 

Kom i gang med Miljøfyrtårnsertifisering

Ønskjer du å innføre miljøleiing i din verksemd? Nettsida til Miljøfyrtårn inneheld det du treng å vite om kva Miljøfyrtårn er og korleis du går fram for å kome i gang!

Når din verksemd vert godkjent Miljøfyrtårn av sertifisør, får Miljøfyrtårnkoordinatoren i kommunen melding om dette. Diplomet frå Miljøfyrtårn vert sendt til Osterøy rådhus til signering av ordføraren. Din verksemd får eit brev frå kommunen om at diplomet er komen fram, med ein førespurnad om du ønskjer ein meir formell overrekking av diplomet der ordføraren deltek.

Miljøfyrtårnkoordinator i Osterøy kommune

Wenche-Mari Bliksås

Rådgjevar

 


Sist oppdatert: 21.04.2023
Publisert: 11.02.2022