Barnehagane våre
Fotlandsvåg barnehage (kommunal)
Styrar: Siri Vaarvik
- Telefon: 56 19 27 55
- E-post: siri.vaarvik@osteroy.kommune.no
E-post: fotlandsvag.barnehage@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Tusselussa: 945 08 702
- Lykkedyret: 408 06 920
Besøksadresse:
Osterøyvegen 2691
5283 Fotlandsvåg
Om barnehagen
Fotlandsvåg barnehage ligg i sentrum av Fotlandsvåg og er næraste nabo til Fotlandsvåg skule.
Barnehagen ligg fint til og vegen til skog og mark og flotte turområde er kort.
Barnehagen gjev plass til born frå 1- 6 år.
Hauge barnehage (kommunal)
Styrar: Merethe Mongstad Kvamme
- Telefon: 56 19 27 65
- E-post: merethe.m.kvamme@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Humlehagen tlf: 945 08 708
- Seljehaugen tlf: 409 12 098
- Bjørkehatten tlf: 409 12 099
- Eikebakken tlf: 409 12 071
Besøksadresse:
Haugo 56
5281 Valestrandsfossen
Om barnehagen
Hauge barnehage har fire avdelingar og held til i eit flott bygg sentralt på Hauge.
Visjonen vår: Saman gjer vi kvarandre gode.
Vi har fokus på å skapa gode relasjonar og å visa omsorg for kvarandre i daglegdagse situasjonar.
Vårt satsingsområde er natur og friluftsliv. Naturen er ein unik læringsarena og ein god arena for utvikling av sosial kompetanse. Vi har eit stort og flott uteområde med variert terreng. I skogen eit stykke frå barnehagen har vi leirplass som er lagt tilrette for leik og aktivitet året rundt.
Haus barnehage (kommunal)
Styrar: Berit Karin Vik
- Telefon: 56 19 27 40
- E-post: berit.karin.vik@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Maurtua: 56 19 27 41
- Sommarfugl: 56 19 27 42
- Marihøna: 56 19 27 43 / 945 08 706
- Tusenbein: 56 19 27 44 / 409 12 084
Besøksadresse:
Haus
5286 HAUS
Om barnehagen
Haus barnehage ligg ved Mjeldavatnet i Haus sentrum, og vegen er kort til skog og sjø. Barnehagen har fire avdelingar.
Lonevåg barnehage (kommunal)
Styrar: Kari Vevle Reigstad
- Telefon: 56 19 27 00
- E-post: kari.vevle.reigstad@osteroy.kommune.no
E-post: lonevag.barnehage@osteroy.kommune.no
Spesialpedagog Kristin Bergan
- Telefon: 56 19 27 12
Telefonnummer til avdelingane:
- Furustubben: 56 19 27 05 / 409 12 091
- Selja: 56 19 27 07 / 945 08 704
- Hassel: 56 19 27 08 / 409 12 074
- Lyngtua: 56 19 27 11 / 409 12 073
- Nyperosa: 56 19 27 03 / 409 12 075
- Rognebær: 56 19 27 04 / 945 08 705
Besøksadresse:
Rambergsvegen 213
5282 Lonevåg
Om barnehagen
Lonevåg barnehage er ein 6 avdelings barnehage som ligg på Hatland like ved Lonevåg sentrum. Barnehagen ligg fint til med kort veg til skog og turområde.
Lonevåg barnehage skal vera ein stad som gjev borna tryggleik og utfordringar, tilpassa deira alder og funksjonsnivå. Borna skal oppleva trivsel, glede og humor gjennom leik og læring saman med andre born og vaksne.
Visjon: Rom for alle. Blikk for den enkelte.
Mjøsdalen barnehage (kommunal)
Styrar: Siri Vaarvik
- Telefon: 56 19 27 45
- E-post: siri.vaarvik@osteroy.kommune.no
Telefon: 56 19 27 46
E-post: mjosdalen.barnehage@osteroy.kommune.no
Besøksadresse:
Tveitavegen 65
5282 Lonevåg
Om barnehagen
Mjøsdalen barnehage har ein avdeling med born i alderen 1 - 6 år.
Mjøsdalen barnehage er næraste nabo til Hosanger Montesorriskule, og barnehagen har stort og tilgjengeleg uteområde.
Valestrand barnehage (kommunal)
Styrar: May Lis S Daltveit
- Telefon: 56 19 27 48
- E-post: may-lis.daltveit@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Triola: 56 19 27 49 / 409 12 090
- Tutti: 56 19 27 51 / 945 08 709
Besøksadresse:
Eidsbakkane 42
5281 Valestrandsfossen
Om barnehagen
Valestrand barnehage er ein 2 avdelings barnehage som ligg like overfor fergekaien.
Me har kort veg til Bullahuset og Lavvoen vår.
Det er laga til eit fint uteområde rundt lavvoen der barna kan leika og boltra seg med ulike aktivitetar.
Barnehagen gjev barna utfordringar tilpassa alder og funksjonsnivå.
Visjon: Saman får me verdas viktigaste verdiar til å veksa.
Osterøy gårds- og friluftsbarnehage AS (privat)
Styrar: Arny-Sissel Myking Horsås
- Telefon: 56 39 45 57
- E-post: arny@friluftsbarnehage.no
Besøksadresse:
Vevlevegen 213
5281 Valestrandsfossen
Om barnehagen
Barnehagen held til på eit gardsbruk på Vevle, om lag midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus.
Me har lyse fine innelokale, lavvo, og naturen rundt oss på alle kantar. Me er mykje ute i skog og mark der me leikar, byggjer hytter og gjer andre aktivitetar. Bål og mat ute er kjekt. Det er eit mål å læra enkle teknikkar som å byggja bål, og bruk av sag og kniv.
I tillegg til arbeidet med dei 7 ulike fagområda rammeplanen legg opp til så tilbyr me stell og omsorg for dyr. Me har flor med ponni, sauer, høner, hane, og marsvin.
Me dyrkar poteter, grønsaker, bær og frukt, og me har slåttonn med hesjing og hausting av høy. Det er eit mål å ta opp og læra om tradisjonar som høyrer heime på ein gard, samt å bruka det me haustar inn.
Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage A/S gjev tilbod til born i alderen 1 – 6 år. Me har ikkje avdelingar, men deler oss i grupper, dels etter alder, men og etter aktivitet eller interesse.
Reppen barnehage (privat)
Styrar: Sylvelin Bernes
- Telefon: 56 39 04 28
- E-post: reppenbarnehage@hotmail.com
Besøksadresse:
Eidsgotene 53
5281 Valestrandsfossen
Om barnehagen
Reppen barnehage er ein privat barnehage og er eigd av Mallika Håland. Me er ein barnehage med to basar. Jungelen er basen til barna frå 0-3 år og Sumpen er for dei eldste barna, 3-6 år. Opningstida er kl. 06.45-17.00, måndag til fredag. Me har felles opptak med kommunen og føl satsane til kommunen.
Vår visjon er : TRYGGE, GLADE BARN - LEIK OG LÆRING HAND I HAND
Les meir på Reppen barnehage sine heimesider.
Vedtekter for kommunale barnehagar
Klikk her for å lese vedtekter for kommunale barnehager i Osterøy kommune.