HeimVeg, vatn, avlaup og bossVegBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

Når brøytar vi?

Vi startar brøyting av kommunale vegar, inkludert gang- og sykkelvegar, ved 7 cm "sørpe" eller 10 cm tørr snø. Alle område skal haldast ryddige i tidsrom som er vanleg for alminneleg ferdsle, det vil seie frå klokka 07.00 – 23.00.

Normalt vil alle kommunale vegar vere brøytte innan seks timar.

Snørydding/brøyting mellom klokka 23.00 og klokka 05.00 skal avgrensast til minimum av omsyn til vanleg nattero.

Følgande skal brøytast

  • Veg med snuplass fram til alle industriverksemder
  • Kommunale vegar til skular og skuleplassar
  • Kommunale parkeringsplassar
  • Kommunen brøyter også private vegar der bossbilen køyrer.

Brøyting vert utført av private firma etter eigen brøyteplan.
Det vert brøyta så snart som råd er etter snøfall på ca. 10 cm.

Strøing vert utført på kommunale vegar etter behov.

Kontakt

Koordinator brøyting og strøing

Nathan Lamp

Eller ta kontakt med Servicekontoret på telefon 56 19 21 00

Vakttelefon etter arbeidstid er: 56 39 01 26

Ved store nedbørsmengder på kort tid, ber vi om forståing for eventuelle forseinkingar dette kan medføre med omsyn til snørydding/strøing.

For riks- og fylkesvegar skal henvendingane til Vegtrafikksentralen på telefon 175.

Sjekk ut Vegvesen.no/vegkart for oversikt over kommunale-, riks- og fylkesvegar. 

Oppfordringar til bustadeigarar og bilistar

  • Ver føre var og tilpass fart og atferd til ver og føre. Vedlikehaldet vil aldri kunne sikre mot vanskelege vinterforhold og uheldige hendingar.
  • Sørg for at eigne gjerde og portar er av god kvalitet og godt merka.
  • Fjern brøytekantar i din egen veg eller innkøyrsle.
  • Bilar og andre køyretøy må parkerast slik at brøyting eller strøing ikkje vert hindra. Køyretøy som hindrar brøyting kan bli taua bort for eigar si rekning.
  • Utstikkande greiner frå tre og hekkar må fjernast slik at brøyting eller strøing ikkje vert hindra.
  • Legg ikkje snø inn på offentleg veg, eller på slik måte at det hindrar sikt.
  • Sørg for at det ikkje oppstår fare for takras eller fallande istappar frå bygningane dine

Sist oppdatert: 10.12.2018
Publisert: 08.11.2018