Melde feil til kommunen

Vi oppmodar alle om å nytte digital løysing for feilmelding, som du finn ved å trykkje på lenka under:

MELD FEIL

 

For tidskritiske feil har vi følgande vaktnummer:

Feil på kommunal veg, vatn og avlaup: 453 16 302

Feil på kommunale bygg eller eigedom: 56 19 27 31

Akutt forureining: Brannvakt Osterøy: 905 72 711

Me oppmodar om at alle feil blir lagt inn i portalløysinga, slik at andre kan sjå om aktuell feil er rapportert inn tidlegare og om den er utbetra.

Om ein vurderer ein feil som tidskritisk, bør ein legga den inn på portalen etter avslutta samtale med vakttelefon.

Fylkeskommunal eller privat veg 

NB! Feil som omhandlar fylkeskommunal eller privat veg, blir ikkje meldt vidare til vegeigar. Fylkeskommunale vegar er raude i kartet ned til målestokk 1:200, deretter vert dei grå som alle øvrige vegar.   

Feil på fylkesveg skal meldast til tlf 175, vegvesen.no eller til vegansvarleg hjå Vestland fylkeskommune.

Feilrapportar frå løysingar som fiksgatami.no blir ikkje lenger handsama i våre sakssystemer.

Veglys som ikkje virkar?

Meld inn feil på veglys her

Du kan og ta kontakt på telefon 56 19 21 00.


Sist oppdatert: 01.09.2022
Publisert: 26.08.2022