Mitt boss

Hentekalender

Veit du ikkje kva dag bosset blir henta? Prøv Bir sitt adressesøk. 

Restavfall

Alle husholdningane kan, om dei vil, tømme bosset kvar veke. Renovasjonsgebyret vert rekna ut frå antall tømmingar. Det lønner seg å kjeldesortere godt, sånn at du ikkje har behov for å setje ut restavfallet ofte. 

Papir- og plasthenting

Har du eige papirspann kan du kaste alt av papir, papp og drikkekartong laust i spannet. Papirspannet har blått lokk (enkelte har brunt) og vert tømt av BIR kvar 4. veke.

Ved sida av papirspannet kan du setje fram BIR-sekkar for plastemballasje. Desse sekkane får du gratis på alle BIR sine gjenvinningsstasjonar og i dei aller fleste daglegvarebutikkar. Ein rull inneheld 13 sekker, og er nok til ca. eitt års forbruk.

Om nærbutikken ikkje fører sekkane, spør dei om dei kan ta inn sekkane via hovudlageret sitt.

For dei med fellesløysingar
Har du fellesløysing som fleire nyttar, ta kontakt med kundesenteret for henvendingar om henting i burettslaget/sameige. Bur du i et burettslag eller sameige som manglar papir- og plasthenting, ta kontakt med styret for å be om dette. Du kan og bruke adressesøket for å finne ulike leveringsstader nær deg.

Gebyr og prisar 

Grunnprisen for ein 140 liters beholdar er 2113,55 kr (inklusiv moms). 

Grunnpris inkluderer èin tømming pr månad. Renovasjonsgebyret vert fakturert frå BIR pr halvår. Det kostar 33,08 kr pr gang du tømmer 140 L utover dei tømmingane som er inkludert i grunnprisen.  Ein henting av papir/papp/drikkekartong og plastemballasje kvar fjerde veke er inkludert. Grunnprisen gjeld pr behaldar, ikkje pr bueining. 

Min side 

Dersom du bur i ein einebustad, kan du på bir.no logge deg på "min side" og sjå oversikt over dine tømmingar, kva spann du har og kva dette kostar. 

Les meir

På BIR sine heimesider kan du lese om renovasjonsgebyra og prisar for dei ulike tenestene. 

Gå til oversikt over prisar. 

Her kan du og søkje om fritak frå renovasjonsavgift. 

Kjeldesortering

På Bir sine heimesider finn du ei oversikt over korleis du kan sortere avfallet ditt. 

Sjå oversikten her. 

Bosspann ikkje tømt? 

Har ikkje bosspannet blitt tømt?

Ver merksam på at fleire stader blir papir og plast henta av to forskjellige bilar til ulike tider.

Meld ifrå til Bir om spannet ditt ikkje er tømt.

Bytte bosspann

Ekstra eller endre storleik på spann?

Om du vil endre storleik, eller treng ekstra spann, kan du kontakte Bir via eit elektronisk kontaktskjema. 

Gå til kontaktskjema

Øydelagt eller forsvunne spann?

Har beholderen blitt øydelagt ved eit uhell eller normal slitasje, meld i frå til Bir for å få reparert eller erstatta beholdaren kostnadsfritt. Er beholdaren forsvunne, kan du gi beskjed til Bir om det også. Ta gjerne ein runde i nabolaget for å sjå om nokre naboar har tatt feil spann. 

Gå til kontaktskjema for å melde ifrå. 

 


Sist oppdatert: 26.02.2020
Publisert: 20.11.2018