Hageavfall

Når sesongen med å gjere klar hagen for våren og sommaren står for døra er det nokre tilhøve du bør vere klar over.

Dette kan du gjere:

  • Komposter hageavfallet på egen eiendom, eller
  • Kjør hageavfallet til godkjent deponi
  • Skaff deg kunnskap om framande planteartar i hagen. Desse må ikkje ut i naturen og må leverast som restavfall eller spesialavfall.

Ikkje gjer dette:

  • Ikkje kast hageavfall på kommunal eller andres private grunn (det reknast som forsøpling og er forbode)

Det er ikkje lov å kaste hageavfall på andres grunn fordi det er skjemmande, kan føre til spreiing av uønska artar, kan tiltrekke skadedyr og kan verte ynglestad for brunskogsnegl. Å kaste hageavfall på andre sin grunn er brot på ureiningslova og naturmangfaldslova.

Spreiing av svartelista artar

Osterøy kommune ønskjer å kartleggje svartelista artar i kommunen. Førebels har vi registrert førekomstar av parkslirekne. Desse plantane er uønska fordi dei utgjer ein risiko for norske artar eller naturtypar. Desse plantane har meget stor formeringsevne, manglar naturlege fiendar, fleire av dei fører til erosjonsproblem langs vassdrag osv. Ein fellesnemnar for desse er at dei på ein eller annan måte har hatt hjelp av oss menneske for å kome hit.

Spreiing skjer gjennom bl.a. dumping av hageavfall, forflytting av jordmassar eller frøspreiing frå område der dei allereie har etablert seg. På bakgrunn av dette er det difor veldig viktig at hageavfall ikkje vert kasta i naturen eller i ein open kompostbinge. Hageavfall frå desse plantane bør leverast i tette søppelsekkar som restavfall på kommunen sine miljøstasjonar. På den måten går plantane til forbrenning.


Sist oppdatert: 09.11.2022
Publisert: 23.02.2022