Miljøpark /Gjenbrukspark

  BIR sin miljøpark / gjenbrukspark finn du på Hauge. 

Opningstider  
Mandag, onsdag, torsdag 12.00-.19.00
Tirsdag, fredag, søndag Stengt
Lørdag 09.00-16.00

Besøksadresse

Hodlebrautsvegen 6

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

Telefon: 55 52 71 75

Oversikt over Bir sine miljøparkar

 

Orientering frå BIR om nye namn på gjenvinningsstasjonar og informasjon om endringar som kjem.

BIR har sett ombruk tydleg på dagsorden, og i samband med dette endrar BIR sine gjenvinningsstasjonar namn til miljøpark og den mobile gjenvinningsstasjonen blir til miljøbussen. Samtidig vil vi innføre gratis innlevering av ombruksvarer ved miljøparkane og til miljøbussen. Dette skjer frå 29. februar 2024. Etter kvart som dagens brukthallar vert oppgradert til ny standard, vil desse skifte namn til ombruksmarked.

Som del av BIR sitt arbeid med å utvikle meir sirkulære løysningar ønskjer vi å legge betre til rette, både for kundane våre og for eigne medarbeidarar, slik at ombruk vert ein hovudprioritet på gjenvinningsstasjonane (miljøparkane). I løpet av 2024 er det planlagt fleire fysiske endringar og tiltak for å fremje dette. I samband med dette ønskjer BIR at også namna på stasjonane våre skal gjenspegle denne endringa og følgjande namneendringar er bestemt:

  • Gjenvinningsstasjon blir til miljøpark
  • Mobil gjenvinningsstasjon blir til miljøbuss
  • Brukthall blir til ombruksmarked

Det er samtidig eit arbeid på gang med å endre dei ulike miljøparkane slik at ombruk og reparasjon vert eit tydelegare og meir opplagt tilbod for kundane våre, både ved innlevering av brukbare gjenstandar og for dei som ønskjer å bruke ombrukstilbodet. På lengre sikt vil også tilbod om reparasjon verte ei større satsing, men då gjerne i samarbeid med eksterne aktørar som har rett kunnskap og kompetanse om dette.


Sist oppdatert: 27.02.2024
Publisert: 20.11.2018