HeimSommar på Osterøy

Sommar på Osterøy

Det er mogleg å melde seg på fleire aktivitetar.

Det trengs ikkje noko utstyr eller forkunnskapar for å vere med.

Påmelding

Påmeldingsfrist er søndag 13. juni. Dersom det er fleire som melder seg på enn det er plass til, kjem me til å trekkje lodd om kven som får vere med. Om det framleis er plass, er det mogleg å melde seg på aktivitetane fram til ei veke før dei byrjar.

Praktisk informasjon

Kontaktperson: Prosjektkoordinator Silje Solberg, silje.solberg@osteroy.kommune.no. Tlf. 48480742

Det blir servert lunsj på dei fleste aktivitetane. Eventuelle allergiar eller andre ting som me må ta omsyn til må meldast frå om til prosjektkoordinator.

Denne sida vil bli oppdatert med arrangement som er retta mot heile familien etter kvart.

Me gler oss til ein fin Sommar på Osterøy!

Klikk her for påmeldingsskjema for Sommar på Osterøy 2021. 

Veke 25

Aktivitetsleir på Espevoll stall og rideskole

Kortid: Tysdag 23. juni til fredag 25.juni kl. 10-15

For deg som går på 5.-10. trinn skuleåret 20/21

Nokre av aktivitetane du kan vere med på:

  • Stell av hest, ponniar, sauar, høns og kaniner. 
  • Lage bål/grue 
  • Korleis lage mat på bål 
  • Egg plukkar vi frå hønsehuset 
  • Spikking,
  • Øksekast
  • Hesteskokasting, 
  • Spele kubb
  • Lage- og skyte med pil og boge
  • Ridetur 
  • Køyring med hest og vogn
  • Lage telefon av gamle blikkbokser
  • Rebus 
  • Lage kjepphestar
  • Løyse praktiske oppgåver
  • Stølstur
  • Badetur
  • Slengdisse 

Yoga og mat

Stad: Den grøne fabrikken, Hosanger

Kven: Yoga med Eirin (Eirin Tysse Bysheim)

Kortid: Onsdag 23.- torsdag 24.juni kl. 12-15

For deg som går på 8.-10. trinn skuleåret 20/21

Me har det gøy med yoga – og kanskje lagar me noko godt til lunsj i lag? 

Veke 26

Aktivitetar og leik

Stad: Nr 1 Fitness Lonevåg

Kortid:  Måndag 28. juni kl. 10-13

For deg som går på 3.-4. trinn skuleåret 20/21

Her blir det leikar, dans, barneyoga og andre aktivitetar både ute og inne.

 

Tur til Træet gard

Kven: Osterøy turlag og ordførar Lars Fjeldstad

Kortid: Måndag 28. juni kl. 9:30-15

For deg som går på 5.-10. trinn skuleåret 20/21

Me køyrer buss i lag til Brøkdalen og går inn til Træet gard, der me skal grille, liggje i hengekøye, fiske med meir. Har du prata med ordføraren før? Viss ikkje har du sjansen no!

Turbuss til/frå Lonevåg.

 

Vikingveving på Osterøy museum

Kortid: Tysdag 29. juni – fredag 2. juli

Kl. 10-15 tysdag- torsdag. Kl. 10-13 fredag

For deg som går på 5.-10. trinn skuleåret 20/21

Mette og Monika vil lære deg å veve slik vikingane gjorde det! Vikingane brukte varafellar som ytterplagg til vern mot vêr og vind. Du får prøve å veve din eigen varafell, og til lunsj blir det ein smak av vikingtida.

 

Tur ned Kossdalssvingane til Mjøsvågen

Kven: Osterøy turlag og ordførar Lars Fjeldstad

Kortid: Torsdag 1. juli kl. 9:30-15

For deg som går på 5.- 10. trinn

Me køyrer buss i lag til Svenheim, og går ned dei flotte Kossdalssingane og kjem til Mjøsvågen. Der blir det padling i kajakk, bading, wakeaboard, lunsj, med meir. Har du prata med ordføraren før? Viss ikkje har du sjansen no!

Turbuss frå Lonevåg.

Veke 27

Kodekurs

Stad: Kulturskulen på Hatland

Kven: Osterøy kulturskule ved lærar Daniel Gullbrå

Kortid: Måndag 5. juli-onsdag 7. juli kl.10-14

For deg som går på 8.-10. trinn skuleåret 20/21

Du får lære å kode, og får prøve å lage eit spelprosjekt i Python. Du får låne datamaskin på kurset.

 

Aktivitetar og leik

Stad: Nr 1 Fitness Lonevåg

Kortid: Tysdag 6. juli kl. 10-14

For deg som går på 8.-10. trinn skuleåret 20/21

Her blir det trening i lag i sal og i styrkerom, og aktivitetar både ute og inne.

 

Parkour

Kven: Bergen parkour

Stad: Utanfor Osterøy ungdomsskule

Kortid: Torsdag 8. juli- fredag 9. juli 

1.-3. trinn: 10:30-11:30

4.-7.trinn: 11:45-13:15

8.-10. trinn: 13:30-15:00

Parkour handlar om å vere nyskjerrig og utforskande med kroppen i møte med landskapet du bur i. Det handlar mykje om teknikk, men kjem alltid tilbake til spørsmål som «Kan eg komme meg opp der?» eller «Er det muleg å lande der?». Nokre gongar går det, andre gongar må du komme tilbake og prøve igjen ein annan dag. På kurset går me gjennom grunnleggjande teknikkar og utforskar nærområdet for dei mulegheitene det har å by på.

Kunstverkstad

Stad: Den grøne fabrikken, Hosanger

Kven: Else Karin Bysheim

Kortid: Tysdag 6. juli-torsdag 8. juli kl. 10-14

For deg som går på 3.-7. trinn skuleåret 20/21

Me teiknar, maler, komponerer med former og ser på kunstutstillingane i Mjøsvågen. 

Veke 28

Aktivitetar og leik

Stad: Nr 1 Fitness Lonevåg

Kortid:  tysdag 13. juli kl. 10-13

For deg som går på 1.-3. trinn skuleåret 20/21

Her blir det leikar, dans, barneyoga og andre aktivitetar både ute og inne.

 

Nintendoturnering

Stad: Osterøy bibliotek

Kven: Biblioteket og kulturskulen ved lærar Daniel Gullbrå

Kortid: Tysdag 13. juli kl. 13-17 og onsdag 14. juli kl. 11-15

8.-10. trinn speler på tysdag.

5.-7. trinn speler på onsdag

Fire spelarar om gongen speler turnering med Mario Kart 8. Me et pizza i lag i pausen!

Veke 30

Musikkproduksjon

Stad: Kulturskulen på Hatland

Kven: Kulturskulen ved lærar Daniel Gullbrå

Kortid: Måndag 26. juli-fredag 30. juli kl. 10-15

For deg som går på 8.-10. trinn skuleåret 20/21

Dag 1: Låtskriving. Dag 2: Arrangement. Dag 3: Lydteknikk. Dag 4: Opptak. Dag 5: Miksing

 

Friluftsdag ved Husavatnet

Kven: 4H Osterøy

Kortid: Laurdag 31. juli kl. 10-14

For deg som går på 1.-10. trinn skuleåret 20/21

Me skal gjere ulike friluftsaktivitetar i og rundt Husavatnet, til dømes padle i kano, trekkje garn, grille, prøve hinderløype, med mykje meir!

Veke 31

Gjenbruk og design

Stad: Osterøy museum

Kven: Osterøy husflidslag

Kortid: Måndag 2. august – onsdag 4. august kl. 10-14

For deg som går på 5.- 10. trinn skuleåret 20/21

Me syr om klede og eksperimenterer med ulike material og teknikkar.

 

Aktivitetar og leik

Stad: Nr 1 Fitness Lonevåg

Kortid: Tysdag 3. august- torsdag 5. august kl. 10-14

For deg som går på 5.-7. trinn skuleåret 20/21

Her blir det leikar, dans, barneyoga og andre aktivitetar både ute og inne.

Veke 32

Gardsopplevingar på Hauane gard

Stad: Revheim

Kven: Lillian Bjørnseth Revheim

Kortid: Måndag 9. august- tysdag 10. august kl. 9:30-15

For deg som går på 5.-7. trinn skuleåret 20/21

Du får vere i lag med dyr, delta i slåtten, hauste bær og grønsaker, trekke garn, sløye fisk, lage mat, natursti, høyre om livet på garden i gamle dagar – og mykje meir. 


Sist oppdatert: 11.06.2021
Publisert: 02.06.2021