HjemSkule og utdanningPrivat grunnskuleopplæring i heimen

Privat grunnskuleopplæring i heimen

Føremål: Sikre kvalitet, samarbeid og tilsyn knytt til gjennomføring av privatgrunnskuleopplæring i heimen

Gjeld for: Elevar som får privat grunnskuleopplæring i heimen, foreldre/føresette tilsynsførar og skule

Omtale:

Rutineskildringa er knytt til elevane si rett og plikt til opplæring, jamfør opplæringslova §2-1. Rett og plikt til grunnskuleopplæring: Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

§ 2.13. Bruk av lova for privat opplæring i heimen viser til at §§ 1-1, 1-3, 2-3 og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet i privat grunnskoleopplæring i heimen så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter. Barn og unge som får opplæring i heimen, skal som hovudregel følgje dei same læreplanane som andre elevar.

Kap. 5 i opplæringslova om spesialundervisning og kap. 3 i forskrift til opplæringslova om individuell vurdering i grunnskulen gjeld ikkje for elevar som får privat opplæring i heimen.

§ 14-3. Kommunalt tilsyn med heimeopplæring seier at kommunen skal føre tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går i skole, og kan òg kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen kan krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava opplæringslova med forskrifter stiller til heimeopplæringa, ikkje er oppfylte.

 

Sjå lovdata for siste versjon av opplæringslova.

 

Aktivitet

Korleis

Tidspunkt

Ansvar

Dokument

Informasjon om heimeopplæring

Informasjon skal vere tilgjengeleg på kommunen si heimeside

Vise til kommune sitt ansvar med tilsyn heimeopplæring

Kontinuerleg

Ansvarleg for publisering på heimesida, stab oppvekst

Informasjon om privat grunnskule-opplæring i heimen

 

 

Etablering av privat grunnskule-opplæring i heimen

Føresette tar kontakt med rektor ved nærskulen (eller den skulen eleven er elev ved) for å informere om heimeopplæringa og fyller deretter ut skjema Melding om privat grunnskuleopplæring. Skjemaet skal sendast til rektor ved nærskulen eller den skulen eleven allereie er elev ved, via Dokumentsenteret.

Rektor ved skulen gir informasjon undervegs, og ser til at føresette har tilgang til skjemaet Melding om privat grunnskuleopplæring.

Når det er

aktuelt

Føresette

 

 

 

 

 

 

 

 

Føresette

Rektor

Melding (frå føresette) om privat grunnskule-opplæring

Inngå avtale med tilsynsførar

Gjere avtale med tilsynsførar

Gå gjennom forventningar/ oppgåver til tilsynsførar samt lønns- og arbeidsvilkår. Informere om retten til privat grunnskuleopplæring i heimen.

Skrive lønnsmelding/ utbetaling for tilsynsførar.

 

 

Så snart tilsynsførar er på plass.

Rektor

 

Rektor

 

 

 

 

Rektor

Avtale tilsynsførar

Gjennomføre tilsyn og ev. rettleiing undervegs i skuleåret, inkludert samtale med føresette og barnet sjølv.

Ha kontakt med føresette/elev i løpet av skuleåret.

Informere og ha minst halvårleg dialog med rektor om utviklinga til eleven.

Gjennomføre dei obligatoriske kartleggings-prøvane samt nasjonale prøver.

Møte i heimen 3 * i året.

 

Kontakt pr. e-post eller tilsvarande kvar månad.

Tilsynsførar

 

Skrive halvårsrapport

Skrive rapport om privat grunnskuleopplæring, inkludert vurdering om utviklinga til barnet. Få fram barnet si stemme i rapporten.

Rapporten skal arkiverast i elevmappe i WebSak, kopi til tenesteleiar og føresette

Innan 15.12 og 15.6

Tilsynsførar

 

 

 

Rektor

Mal -Halvårs-rapport privat grunnskule-opplæring i heimen

Dersom barnet ikkje har hatt tilfredsstillande utbytte av heimeopplæringa

Tilsynsførar melder dette til rektor, som informerer tenesteleiar for skule.

Snarast, ved behov

Rektor

 

Vedtak om opphøyr av heimeopplæring

 

Gjeld dersom tilsynsmynde meiner at opplæringa i heimen ikkje er i samsvar med læreplanverket eller barnet ikkje har tilfredsstillande framgang i høve til kompetansemåla.

Undersøkje saka (besøk i heimen, dialog med føresette, barnet og tilsynsførar) før vurdering og konklusjon.

 

Dersom konklusjon etter undersøking blir at opplæringa i heimen ikkje er tilfredsstillande:

Fatte eit enkeltvedtak om at den private opplæringa i heimen blir avslutta. Barnet må ta til på kommunal eller friskule.

Snarast, ved behov

Kommunal-sjef

 


Sist oppdatert: 09.06.2022
Publisert: 09.06.2022