Ferie og fridagar
Lurar du på når det er planleggingsdagar, haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie eller skulestart?
I skuleruta og barnehageruta finn du eit oversyn over ferie og fridagar for dei kommunale grunnskulane i Osterøy kommune.
Fri frå undervisning
Elevar kan få fri frå undervisning (permisjon) frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Vi vil vurdere om det er forsvarleg å gi fri. Det er ikkje lov å gi fri frå undervisning utover to veker av gongen.
Slik søkjer du
Du søkjer elektronisk om fri frå undervisning.
Les meir
Les meir om fri (permisjon) frå den pliktige opplæringa i Opplæringslova her.
Sist oppdatert:
03.02.2023
Publisert:
18.06.2018