Skuleskyss

Har du rett til gratis skuleskyss?

Desse elevane har rett på gratis skuleskyss:

  • Elevar i 1. klasse som har meir enn to kilometer til skulen.
  • Elevar i 2. – 10. klasse som har meir enn fire kilometer til skulen.
  • Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.
  • Elevar med funksjonshemming og midlertidig skade eller sjukdom.

Lengda på skulevegen vert målt i gåavstand frå døra heime til døra på skulen.

Slik søkjer du

Det er fylkeskommunen har ansvar for skuleskyss til elevar i grunnskulen, men foreldre og elevar treng ikkje å forhalde seg til andre enn skulen sin.

Rektor eller skyssansvarleg på kvar skule bestiller skuleskyss til alle elevar i grunnskulen.

Godtgjerdsle når foreldre køyrer

Foreldre som køyrer barn med rett til fri skuleskyss sjølv, kan ha krav på køyregodtgjerdsle. Bruk skjemaet under og lever det til rektor på skulen.

Trykk her for å laste ned refusjonsskjema.

Kva kan du bruke skulekortet til? 

Elevar som har rett på fri skuleskyss får Skyss skulekort. Det er skulen som deler ut kortet.

Skyss skulekort gjeld:

  • for to reiser kvar skuledag
  • mellom klokka 05.00 og 19.00
  • ikkje i helger og feriar
  • for maksimalt 190 skuledagar
Har du funksjonshemming, midlertidig skade eller sjukdom? 

Elevar med funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom kan få drosje i staden for buss. Er dette aktuelt for barnet ditt, må du dokumentere behovet med legeattest og levere dette til rektor på skulen.

Skuleskyss - legeerklæring

Har du særleg farleg eller vanskelig skuleveg? 

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til fri skuleskyss utan omsyn til veglengda. Elevar som har særlege behov eller vanskar for å greie seg i det vanlege trafikkbildet på skulevegen sin, kan også ha denne retten.

Dersom du meiner at skulevegen for barnet ditt er særleg farleg eller vanskeleg, kan du søkje kommunen om fri skuleskyss. Søknaden sender de til Osterøy Kommune, sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Føresette må kvart år søkje om fri skuleskyss. Søknaden vert behandla individuelt.

Søknadsskjema - særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Går du på privatskule? 

Elevar i privatskule har rett til fri skuleskyss etter same reglane som elevar i grunnskulen. Det er likevel viktig å vere merksam på at retten berre gjeld innanfor heimkommunen – eller til kommunegrensa.

Delt bustad

Ved delt bustad gjeld retten til fri skoleskyss frå begge føresette og til/frå skulen etter reglane i opplæringslova kapittel 7. Skuleskyss vert innvilga dersom eleven har ei fast og føreseieleg bustads fordeling. Utfylt skjema sender de til skulen. 

Avtale om delt bustad

Klage på vedtak om skuleskyss

Vedtak om fri skuleskyss er enkeltvedtak. Du kan klage på det endelege vedtaket til skulen. Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.


Sist oppdatert: 24.08.2021
Publisert: 02.11.2018