Skulehelsetenesta

Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebygge sjukdom og skade. Tilbodet er gratis. 

Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule og kan kontaktast direkte.

Helsesjukepleiar på dei ulike skulane

Skule                                Helsesjukepleiar           E-post

Fotlandsvåg skule

Marilen Hanstveit

marilen.hanstveit@osteroy.kommune.no  

Haus skule

Hanne Mjelde Birkeland

Hanne.mjelde.birkeland@osteroy.kommune.no

Hamre grenda skule

Marilen Hanstveit

marilen.hanstveit@osteroy.kommune.no

Hjellvik Montessori skule

Terese Rosnes



Terese.rosnes@osteroy.kommune.no

 

Hosanger Montessori skule

Terese Rosnes

Terese.rosnes@osteroy.kommune.no

Lonevåg skule

Hanne M. Birkeland

hanne.mjelde.birkeland@osteroy.kommune.no

Valestrand skule

Marianne K. Solberg

marianne.kollvangsnes.solberg.@osteroy.kommune.no

Danielsen ungdomskule            

Beate Kleppe       

 beate.kleppe@osteroy.kommune.no

Osterøy ungdomskule                

Beate Kleppe

 beate.kleppe@osteroy.kommune.no

Osterøy vidaregåande skule       

Beate Kleppe

beate.kleppe@osteroy.kommune.no

Program for skulehelsetenesta
  • 1.klasse

-          Alle barn får tilbod om helsesamtale hjå helsesjukepleiar og somatisk undersøking hjå helsestasjonslege.

  • 3.klasse

-          Alle barn får tilbod om å måle høgde og vekt på skulen og familiar får tilbod om rettleing og oppfølging ved behov.

  • 8.klasse

-          Alle barn får tilbod om helsesamtale og måling av høgde og vekt hjå helsesjukepleiar på skulen.

  • Me tilbyr undervisning etter skule og elevens behov.
  • Helsesjukepleiar er tilstade på skulen faste dagar og tilbyr «drop-in» samtalar til elevar som ynskjer det. Helsesjukepleiar kan snakke med barn og unge om det som opptek dei. Dei kan også rådgje og rettleie føresette ved behov.
Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til unge mellom 13 og 20 år. Du kan få snakke med helsesjukepleiar, psykolog og lege. Du treng ingen timebestilling.

Besøksadresse

Fotlandsvegen 27

5282 Lonevåg

Vis i kart 

Opningstider

Kvar tirsdag i skuleåret, frå klokka 14.00 - 16.30.

Kva kan du få hjelp til?

  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
  • Ved behov for anna hjelp kan vi tilvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Kontakt oss

Leiande helsesjukepleiar Bente Kari Thorsen 

Følg oss på facebook og instagram 

Facebook  

Instagram

Vaksiner

Helsestasjonen og skulehelsetenesta tilbyr vaksiner som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet. Ta kontakt med fastlegen din eller reisevaksinasjonskontoret for vaksinar utanom program.

Teieplikt

Helsesjukepleiarar har teieplikt etter helsepersonelloven. Du kan lese meir om det her.

Kva seier lova?

Dette er ein lovpålagt teneste. Sjå også forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten §§ 2-1 og 2-3.


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 18.06.2018