Kvalifisering og undervisning for vaksne
Me tilbyr norskundervisning på dag og kveld. Kveldsundervisninga er ein dag i veka.
Ta kontakt på telefon 56 19 27 52 eller send e-post til kjersti.ane.ostvik@osteroy.kommune.no.
Grunnskule for vaksne
Har du ikkje grunnskule frå Norge eller tilsvarande frå eit anna land? Då har du rett på grunnskuleopplæring. Med vitnemål frå grunnskulen, kan du søke om plass på ein vidaregåande skule.
Alle med innvandrarbakgrunn, må ha norsk personnummer og rett på opphald for å få tilbod om grunnskule for vaksne. Du må også ha folkeregistrert adresse i Osterøy kommune.
Fag på grunnskulen:
- norsk
- engelsk
- matematikk
- naturfag
- samfunnsfag
Slik søkjer du
Ta kontakt med oss på telefon 56 19 27 52 for å søke.
Vi hjelper deg med å fylle ut søknadsskjema.
Søknad fylles primært ut på nett, men opplæring i digital dugleik må søkast om på papir.
Søknadsfrist
Du kan søkje heile året, men det er gunstig med oppstart enten i august eller januar. Dei som ynskjer plass, bør difor ta kontakt seinast i løpet av mai eller november.
Kva kostar det?
Dei fleste tilboda er gratis.
Treng du spesialundervisning?
Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for vaksne på grunnskule.
Kurs i grunnleggande ferdigheiter
Treng du grunnleggande opplæring i lesing og skriving, rekning eller digitale ferdigheiter?
Du har rett til å få denne opplæringa frå kommunen utan å ta heile fag. Målet med opplæringa er å hjelpe deg til vidare utdanning eller jobb.
På kurset får du opplæring i å:
- lese og skrive
- rekne
- bruke data og internett
- uttrykke deg munnleg
Slik søkjer du
Ta kontakt med oss på telefon 56 19 27 52 for å søke.
Vi hjelper deg med å fylle ut søknadsskjema. Søknad fylles primært ut på nett, men opplæring i digital dugleik må søkast om på papir.
Søknadsfrist
Du kan søkje heile året, men det er gunstig med oppstart enten i august eller januar. Dei som ynskjer plass, bør difor ta kontakt seinast i løpet av mai eller november.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Krav til søkjar
- Treng opplæring på grunnskulen sitt område
- Du har ikkje rett til vidaregåande opplæring
- Du vere over opplæringspliktig alder
- Du må ha behov for opplæringa. Du må grunngje at du treng det du søkjer opplæring i.
Kurs i norsk og samfunnskunnskap
Vi tilbyr norskkurs på alle nivå. Kursa er både for deg som har rett til gratis norskopplæring og deg som må betale kursa sjølv.
Slik søkjer du
Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.
Kva kostar det?
Ta kontakt for informasjon om prisar.
Krav til søkjar
Vi krev ikkje ekstern dokumentasjon, søknadsskjemaet er eit egenrapporteringsskjema.
Norskprøver
Har du gått på norskkurs og ønskjer å ta ei prøve? Då må du hugse å melde deg på.
Norskprøven har ein skriftleg del og ein munnleg del.
Den skriftlege delen testar kor god du er til å lytte, lese og skrive. Den munnlege delen har både oppgåver du må løyse åleine og oppgåver du skal løyse i samtale med andre.
Norskprøver vert avvikla i samarbeid med Alver vaksenopplæring fire gongar i året, og kandidatar må til Knarvik for å ta dei munnlege prøvene.
Slik søkjer du
Ta kontakt med oss for påmelding og meir informasjon.
Samfunnskunnskapsprøver
Har du gått på kurs og ønskjer å ta ei samfunnskunnskapsprøve? Då må du hugse å melde deg på.
Prøven varar i 60 minutt, og skal vere på eit språk som du forstår godt.
Resultatet på prøven er anten «bestått» eller «ikkje bestått». Vi sender prøvebeviset ditt i posten seinast to veker etter at du har tatt prøven.
Les meir om samfunnskunnskapsprøver her.
Prøven vert avvikla på Hauge på Osterøy.
Slik søkjer du
Ta kontakt med oss for påmelding og meir informasjon.
Statsborgarprøve
Les meir om statsborgarprøven her.
Prøven vert avvikla på Hauge på Osterøy.
Slik søkjer du
Ta kontakt med oss for påmelding og meir informasjon.
Språkkafè på Osterøy
Biblioteket har saman med Osterøy integrering- og læringssenter språkkafè jamleg gjennom skuleåret.
Gå til facebooksida for meir informasjon.
Kontakt oss / Contact us
Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 14.00.
Leiar/Leader Trude Tomren
Besøksadresse
Haugo 70
5281 Valestrandfossen
Postadresse
Osterøy integrerings- og læringssenter
Postboks 1
5293 Lonevåg
Tilsette / Employees
Trude Tomren
Leiar
- E-post: trude.tomren@osteroy.kommune.no
- Telefon: 56 19 27 52
Kjersti Ane Østvik
Merkantil medarbeidar
- E-post: kjersti.ane.ostvik@osteroy.kommune.no
- Telefon: 56 19 27 52
Integrering
Anne Marie Bysheim Vevle
Prosjektleiar busetting
Stina Marie Neset
- E-post: stina.neset@osteroy.kommune.no
Silje Søvik Kårdal
Prosjektleiar busetting
Lisbeth Mjelde Åsheim
Introrettleiar
Karina Tønjum
Introrettleiar
- E-post: karina.tonjum@osteroy.kommune.no
Mina Helene G. Bleikli
Introrettleiar
Lærarar
Astrid Eikemo Waring
- E-post: Astrid.Waring@osteroy.kommune.no
Gunvor Skahjem
Joseph Akonga
Kjersti Vik
- E-post: Kjersti.Vik@osteroy.kommune.no
Nelia Steine
- E-post: Nelia.Steine@osteroy.kommune.no
Dennis Alexander Askeland