Søkje skjenkeløyve for alkohol

Skal du starte ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om både serveringsløyve og skjenkeløyve.

Slik søkjer du om skjenkeløyve

Trykk her for å laste ned og fylle ut felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve.

Før du søkjer, leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på serveringsløyve, dersom du ikkje søkjer om dette også.
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.

Alle søknadar om salsløyve skal først til behandling i kontrollutvalet for alkohol, deretter tar formannskapet ei endeleg avgjerd. Det er møtekalenderen til formannskapet som avgjer kor raskt vi klarar å svare på søknaden din.

Lurar du på når formannskapet skal ha sitt neste møte? Trykk her for å gå til politisk møtekalender.

Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd. 
 
Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.
 
Klagen sender du til: Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 22.09.2023
Publisert: 13.11.2018