Miljøfyrtårn

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, der målet er å heva miljøprestasjonane, få eit betre arbeidmiljø, redusere forbruk og kostnadar – rett og slett redusere klimafotavtrykket til verksemda.

Miljøfyrtårn passar for alle typar verksemder, og kan bidra til at små og store verksemder eller organisasjonar vert meir berekraftig, oppnår konkurransefortrinn, styrkar omdømme, kuttar kostnadar, senkar sjukefråværet og får eit anerkjent kvalitetsstempel.

Kom i gang med Miljøfyrtårnsertifisering

Gjer som over 8000 andre verksemder i Noreg, kom i gang med Miljøfyrtårn! Nettsida til Miljøfyrtårn inneheld det du treng å vite om kva Miljøfyrtårn er og korleis du går fram for å kome i gang!

Få hjelp av ein konsulent

Ein konsulent si rolle i prosessen er å guide og rettleie din verksemd frå oppstart til sertifisering. Konsulent kan rettleie verksemda med å etablere nye rutinar slik at sertifiseringskriteria vert oppfylt.

På Miljøfyrtårn sine nettsider kan du finne ei oppdatert liste over godkjente konsulentar i Osterøy og Bergensområdet.

Få ein sertifisør til å godkjenne dei nye rutinane og klima- og miljørapport

Sertifisøren kontrollerer og verifiserer at verksemda oppfyller sertifiseringskriteriene og at dei riktige bransjekriteriene er brukt i prosessen.  

Når din verksemd vert godkjent Miljøfyrtårn av sertifisør, får Miljøfyrtårnkoordinatoren i kommunen melding om dette. Diplomet frå Miljøfyrtårn vert sendt til Osterøy rådhus til signering av ordføraren. Din verksemd får eit brev frå kommunen om at diplomet er komen fram, med ein førespurnad om du ønskjer ein meir formell overrekking av diplomet der ordføraren deltek.

Vidare arbeid for godkjende Miljøfyrtårn

Alle sertifiserte verksemder skal levere klima- og miljørapport til Stifelsen Miljøfyrtårn innan 1.april kvart år. Denne rapporten inneheld ein rapporteringsdel for verksemda si omsetning, sjukefråvær, avfallsmengder, tenestereiser (med meir) og ein handlingsdel med tiltak for å redusere desse faktorane. Desse tiltaka må ha som mål å betre arbeidsmiljøet, redusere forbruk og avfallsmengde, som til saman vil redusere verksemda sitt klimafotavtrykk.

Resertifisering kvart 3. år

Verksemda har sjølv ansvar for å sørge for resertifisering innan 3 år frå førre sertifisering.

Alt arbeid skal vere ferdig, og Miljøfyrtårnportalen skal vere oppdatert seinast to veker før sertifiseringsmøtet.  

 

 

Miljøfyrtårnkoordinator i Osterøy kommune

Wenche-Mari Bliksås

Planleggar

 


Sist oppdatert: 11.02.2022
Publisert: 11.02.2022