HeimPolitikk og høyringarVal (tidlegare kommune og stortingsval)

Val (tidlegare kommune og stortingsval)

Val 2021

 Valdagen for stortingsvalet i 2021 er måndag 13. september

Val og covid-19

Det vert val 13. september uansett smittesituasjon!

Hovudbodskapen er at det skal vera trygt å førehandsrøysta og trygt å røysta på valdagen, både for veljarar og valmedarbeidarar. Ingen sjuke kan vera i vallokala, men det skal leggjast til rette for at alle skal få røysta ved valet.

  • I førehandsrøysteperioden har me har utvida opningstider på rådhuset.  Dette for at alle som ønskjer det skal kunne førehandsrøysta
    • Sjå opningstidene under punktet for førehandsrøysting
  • I førehandsrøysteperioden vil me ha fleire medarbeidarar til stades slik at alle raskt skal få hjelp, og me unngår køar
  • Veljarane kjem inn hovudinngangen på rådhuset, og går ut gjennom utgangsdøra i 2. etg. når dei er ferdige.  Dette for å hindra unødig kontakt med dei som eventuelt står i kø og ventar på å få røysta.
  • Valavlukkene og røystemottakarbord er plasserte slik at ein sikrar avstand.  Dette gjeld både i førehandsrøystelokalet og i vallokala på valdagen
  • Det er lagt opp til at røystemottakarane/ valmedarbeidarane med jamne mellomrom skal gjera reint på dei flatene som kan føra med seg smittespreiing.  Dette gjeld i alle vallokale, óg på valdagen
  • Det er tilgang på handsprit og munnbind (for dei som ønskjer det) både for veljarar og valmedarbeidarar.
  • Det er viktig å halda avstand!  Alle har ansvar for dette, men me har valmedarbeidarar som hjelper deg!
  • Veljarar som er i karantene eller isolasjon kan søkja om å få røysta heime heilt fram til valdagen måndag 13. september kl. 10.00. Ta kontakt med Osterøy kommune, tlf. 56 19 21 00.
    • Les meir under punktet om heimerøysting 
  • Me følgjer nasjonale råd om smittevern.  Ved eventuelle lokale utbrot vil me følgja eventuelle lokale tiltak.
  • Me samarbeider med Koronateamet om rettleiing når det gjeld smittevern, og råd om eventuelle tiltak.
  • Det er likevel ingen lokale tiltak som kan vera til hinder for at valet kan gjennomførast. 

 

Vallistene

Vallistene for stortingsvalet 2021 er godkjende.

Informasjon frå Vestland fylkeskommune

Kven kan røysta ved stortingsval?
  • Du er norsk statsborgar
  • Du er eller har vore registrert i Folkeregisteret som busett i Norge
  • Du er over 18 år eller fyller 18 år i løpet av 2021
Røystestader og opningstider på valdagen 13. september

På valdagen må du røysta i den kommunen du er folkeregistrert i. 

Osterøy kommune har ikkje val på søndag 12. september slik enkelte andre kommunar har.

I Osterøy kommune har me 6 røystekrinsar med eitt vallokale i kvar krins.  Du står fritt til å velja kva lokale du vil bruka.

Opningstider i krinsane
Krins Opningstid Stad Adresse

0001   Hauge 

12.00 - 20.00

Osterøy integrerings- og læringssenter (tidl. Hauge skule)

Haugo 70
0002  Lonevåg 12.00 - 20.00  Lonevåg skule Solbjørgsdalen 13
0003 Valestrand 12.00 - 20.00 Valestrand skule Valestrandsvegen 13
0004        Haus 12.00 - 20.00 Haus skule Votlavegen 52
0005 Fotlandsvåg 12.00 - 20.00 Fotlandsvåg skule Osterøyvegen 2689
0006      Bruvik 12.00 - 20.00 Bruvik aldersbustader, felleslokale Framigarden 10

Røystegjeving for veljarar som er i karantene / isolasjon grunna covid-19 på valdagen:

Ingen som er i karantene eller er smitta av covid-19 og sit i isolasjon kan møta i eit røystelokale. Det er likevel lagt opp til at alle som ønskjer det skal få røysta på valdagen.

Er du i karantene på valdagen så kan du ringja Osterøy kommune, tlf. 56 19 21 00, eller kontakta Dagrun Revheim, tlf. 905 64 151. Du vil då få informasjon om korleis du kan røysta denne dagen.

Veljarar som er manntalsførte i kommunen, og som er i isolasjon grunna covid-19, kan søkja om å få røysta der dei oppheld seg (heime).

Ring tlf. 56 19 21 00, eller kontakt Dagrun Revheim, tlf. 905 64 151.

Frist for å søkja om heimerøysting grunna isolasjonsplikt er kl. 10.00 på valdagen 13. september.

 

Manntal

For å kunne røysta ved stortingsvalet må du stå i manntalet. 

Du kan sjølv kontrollera om du står i manntalet.

Du er manntalsført i den kommunen du pr. 30. juni er folkeregistrert i.

Alle med røysterett som er folkeregistrerte i Osterøy pr. 30. juni i valåret er innførte i manntalet for Osterøy kommune.

 

Flyttar du til Osterøy etter 30 juni?

Har du har flytta frå ein annan kommune, og Folkeregisteret ikkje har motteke flyttemeldinga innan 30. juni, så står du framleis manntalsført i kommunen du har flytta frå, og du har røysterett i denne kommunen.

  • Dersom du ønskjer å røysta på valdagen, så må du røysta i kommunen du har flytta frå
  • Du kan førehandsrøysta i Osterøy kommune, eller annan kommune, i perioden for førehandsrøysting, 10. august til 10. september.

Osterøy sitt manntal vert lagt ut til ettersyn frå 15. juli og fram til valdagen 13. september.

Kunngjering kjem i lokalavisa 14. juli.            

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på desse stadene:

 

Hauge krins                                                   Coop Extra Valestrandsfossen

                                                                       Extra Lonevåg

Lonevåg krins:                                                Extra Lonevåg

Fotlandsvåg krins:                                          Joker Fotlandsvåg

Haus krins:                                                      Kiwi Haus

Bruvik krins:                                                    Nærbutikken Bruvik      

Hovudmanntalet (heile kommunen):     Osterøy rådhus, servicekontoret

Valkort

Valkort er ei stadfesting på at du har røysterett.  I tillegg står det nyttig informasjon som er lurt å lesa, m.a. står det kva valkrins du høyrer til.

Valkortet vert for dei aller fleste digitalt i år, og kjem i den digitale postkassen din.  Du kan lasta det ned på mobiltelefonen og visa det fram når du røyster.  Då er det enklare for røystemottakarane å finna deg i manntalet.

Slik vil det sjå ut:  https://www.valg.no/for-velgere/stortingsvalget-2021/valgkort/

Valgdirektoratet sender ut valkort til alle røysteføre rett før førehandsrøystinga startar 10. august. 

Desse får valkort på papir:

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, kjem til å få valkortet på papir.

Valkort i retur til valstyret

Valstyret har fått ein del papirvalkort i retur frå posten grunna ukjend adresse eller at du har flytta.

Der me finn ny adresse vert valkortet sendt i posten til deg.

Dersom du er ein av dei som ikkje har motteke valkortet ditt i posten så kan du kontakta Osterøy kommune, telefon 56 192100,  for å sjekka om ditt har kome i retur til oss.

Du kan avtala at me sender det til  korrekt adresse, eller at det kan hentast i servicekontoret i opningstida.

Presiserer at du ikkje må ha valkort for å røysta, men det er ei stadfesting på at du står i manntalet og har røysterett.  I tillegg går det raskare for røystemottakar å søkja deg opp i manntalet når du kjem for å røysta.

Minner om at dersom du er registrert som flytta frå kommunen etter 30.  juni, så står du framleis i Osterøy kommune sitt manntal.

På valdagen må du då røysta i ein av krinsane på Osterøy, eller du må førehandsrøysta der du oppheld deg no.

Legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal røysta, dette gjeld både ved førehandsrøysting og røysting på valdagen.  Det er ikkje nok med valkort, eller å gje opp namn og fødselsdato.

Dersom røystemottakarane eller andre valfunksjonærar kjenner deg, er det ikkje nødvendig at du viser legitimasjon.

Dersom du er ukjend for røystemottakarane/valmedarbeidarane  i vallokalet, må du legitimera deg.  Dette er fordi det skal vera mogeleg å kontrollera at du er den du seier du er.  Dersom det ikkje er mogeleg å stadfesta identiteten din, får du heller ikkje røysta.

Du vil verta beden om å koma tilbake med legitimasjon seinare.

Andre veljarar i vallokalet kan ikkje gå god for identiteten din.

Ekspempel på godkjend legitimasjon:

  • Pass
  • Førarkort
  • Bankkort m/bilete

Det er mogeleg å bruka andre typar legitimasjon, men minstrekravet er at det er at det har eit offisielt preg og inneheld namn, fødselsdato og bilete.  Biletet skal vera trykt på.

Røystemottakar skal utvisa skjønn i vurdering av om den aktuelle legitimasjonen er god nok.  Så lenge røystemottakaren ser at det er rette vedkomande ein står overfor, så må veljaren få røysta.  Dette gjeld sjølv om legitimasjonen har gått ut på dato.

Unntak frå krav et om veljarlegitimasjon:

Lova har éi føresegn om unntak frå kravet om veljarlegitimasjon ved førehandsrøystegjeving, og dette gjeld  for veljarar som oppheld seg på institusjonar, som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel.  Her er det ikkje eit absolutt krav at ein ukjend veljar legitimerer seg, fordi det kan skje at dei som oppheld seg på institusjon ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg.

Her kan i staden ein tilsett ved institusjonen gå god for identiteten til veljaren.  Då er det eit vilkår at den tilsette legitimerer seg.

Tidlegrøysting 

Tidlegrøysting – frå 01. Juli til 09. August

Tidlegrøysting er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøystinga (frå 10. august), og som heller ikkje kan røysta på valdagen.

Dei ordinære vallistene vil ikkje vera tilgjengelege så tidleg, du vil  staden få ei

avkryssingsliste med alle godkjende vallister i Noreg, og der du krysser av for partiet du ønskjer å røysta på.

 

Hugs gyldig legitimasjon, t.d. førarkort eller pass.

 

Røystestad:  Osterøy rådhus i vanleg opningstid 09.00 – 15.00

Besøksadresse:  Geitaryggen 8, Lonevåg

Har du ikkje høve til å røysta i ordinær opningstid, så kan du kontakta oss på

telefon 56192100 og avtala anna tidspunkt.

 

Sit du i karantene  eller isolat, og har behov for å røysta i tidlegrøysteperioden?

Ta kontakt med oss på telefon 56 192100.

 

 

Førehandsrøysting

Ordinær førehandsrøysteperiode startar tysdag 10. august, og går heilt fram til fredag 10. september.

Røystestad:  Osterøy rådhus

Besøksadresse:   Geitaryggen 8, Lonevåg.

 

Alle med røysterett, uansett kva kommune dei er folkeregistrerte i, kan førehandsrøysta hjå oss.

Opningstider:

Måndag – torsdag:                         kl. 08.00 – 16.30

Fredagar:                                         kl. 08.00 – 15.00

Laurdag 04. september                 kl. 10.00 – 15.00

Torsdag 09. september                  kl. 08.00 – 19.00

 

Du kan vera ukjend for røystemottakarane, så ta med gyldig legitimasjon.

Gyldig legitimasjon er førarkort og pass (m/bilete).

Ambulerande røystegjeving (heimerøysting)

Veljarar som grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan møta i eit røystelokale, kan søkja  valstyret om å få røysta der dei oppheld seg.  Det er ikkje krav om skriftleg søknad.  For å søkja kan du ringja Osterøy kommune, tlf. 56 192100, eller ta direkte kontakt med Dagrun Revheim, tlf. 56192163.

Du kan óg senda e-post til dagrun.revheim@osteroy.kommune.no, der du opplyser om namn og telefonnummer, og så vil du verta kontakta.                         

Frist for å søkja om å førehandsrøysta heime  er i år sett til siste fredag før valet -  10. september kl. 10.00.

STORTINGSVALET 2021 – heimerøysting - Covid 19

Dersom du er i karantene eller isolasjon grunna Covid-19 kan du og søkja om å røysta heime fram til valdagen.  Du vil då kunne røysta heime på valdagen.                                                                                                                                 

Frist for å søkja om å røysta heime grunna Covid-19  er 13. september kl. 10.00

Slik føregår heimerøysting:

Dersom du får innvilga heimerøysting, kjem to valmedarbeidarar heim til deg.  Før dei kjem, vil det vera avtalt dato og klokkeslett.

Valmedarbeidarane vil ha med seg alt som trengs, inkl.  eit komplett sett med alle lister som stiller til val i Hordaland distrikt/Vestland fylke.  Du må velja den lista du ønskjer å røysta på, og behalda dei listene du ikkje brukar.  Dersom du ønskjer at valmedarbeidarane  skal ta listene med seg tilbake og makulera dei, så skal konvolutten dei ligg i limast att.

Dersom du ønskjer assistanse, så kan ein av valmedarbeidarane hjelpa deg, eller du har sjølv vald ein annan person til assistera deg.

Førehandsrøysting på institusjonar, omsorgs- og aldersbustader og vidaregåande skule

I løpet av dei siste to vekene før valet vil kommunen arrangera førehandsrøysting på sjukeheimen og på omsorgs-/aldersbustadene i kommunen.   I tillegg vert det førehandsrøysting på Osterøy vidaregåande skule.

Me skal ha førehandsrøysting på desse stadene:

  • Osterøytunet – Hauge: onsdag 08.09.21 kl. 11.00-12.30 for bebuarar og tilsette. Kl. 12.30-13.30 for andre veljarar
  • Valestrand aldersbustader - Valestrand: onsdag 01.09.21 kl. 12.00-13.30
  • Haus psykiatribustader – Haus –  mrk!  Me nyttar lokale i  Thunestvedtbygget: fredag 03.09.21 kl. 12.00-13.30
  • Nesjatun – Lonevåg: tysdag 31.08.21 kl. 12.00-13.30 
  • Hosanger omsorgsbustader (Hosangerheimen) – Hosanger: måndag 06.09.21 kl. 15.00-16.30
  • Smøyatun – Fotlandsvåg: tysdag 07.09.21 kl. 12.00-13.30
  • Osterøy Vidaregåande skule – Hatland: torsdag 09.09.21 kl. 11.00-13.00

 

Alle kan førehandsrøysta på institusjonane/alders- og omsorgsbustadene, både bebuarar, personale og andre veljarar.

Bebuarar som ikkje kan møta i røystelokalet, har høve til å få røysta på sitt eige rom, eller der dei oppheld seg.  Dei kan kontakta Osterøy kommune, 56192100 på førehand, eller kontakta oss på staden.

Alle kan førehandsrøysta på Osterøy VGS, både elevar, personale og andre veljarar.

Legitimasjon

Du kan vera ukjend for røystemottakarane.  Difor må alle ha med seg offentleg godkjend legitimasjon.  For bebuarar som ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg kan ein tilsett ved intstitusjonen gå god for identiteten til veljaren.  Då må den tilsette legitimera seg.

Les meir om legitimasjon under punktet vårt om legitimasjon.

Valkort

Valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet, og i år får dei aller fleste valkortet i den digitale postkassen sin.  Les meir om valkort under punktet vårt om valkort.

Du må ikkje ha valkort med deg for å førehandsrøysta, men det går raskare for valfunksjonerane å finna deg i manntalet.  Har du fått digitalt valkort så viser du det fram på mobilen din slik at me kan finna deg i manntalet ved å skanna strekkoden.

Sametingsvalet 2021

Det er val til Sametinget kvart fjerde år, på same tid og stad som stortingsvalet.  Det betyr at valdagen er den same og det er same vallokale som vert nytta ved begge vala. 

Ein må skilja mellom kommunar med færre enn 30 og kommunar med 30 eller fleire manntalsførte. 

Kommunar med 30 eller fleire manntalsførte har både førehandsrøysting og held valting på valdagen.  Kommunar med færre enn 30 manntalsførte har berre førehandsrøysting.


Vallister til sametingvalet

Sametinget si valnemnd har godkjent listeforslaga til sametingvalet 2021. Det er tilsaman 58 godkjende lister. Det er flest lister i valkrins 2 Ávjorvárri , der det er 10 godkjende lister. 

Du finn dei godkjende listene her:

https://sametinget.no/politikk/valg/godkjente-valglister-til-sametingsvalget-2021/


Valkrinsar

Ved sametingval er landet delt inn i 7 krinsar. Osterøy kommune høyrer til valkrins 7-Sør-Norge valkrets.

Les meir om valkrinsar i sametingsvalet her: 

https://sametinget.no/politikk/valg/valgordningen-og-valgkretsene/

 

KORLEIS RØYSTA VED SAMETINGSVALET I OSTERØY KOMMUNE

Osterøy kommune har færre enn 30 manntalsførte i Sametinget sitt valmanntal.

Det er difor ikkje mogeleg  å røysta på valdagen 13. september i vår kommune.

Alle, uansett kva kommune dei bur i, og som står i Sametinget sitt valmanntal, kan røysta i tidleg- og ordinær førehandsrøysteperiode  hjå oss.

Tidlegrøysting:            01.07.21 – 09.08.21

Førehandsrøysting:    10.08.21 – 10.09.21

 

KVEN HAR RØYSTERETT VED SAMTINGSVALET

Alle som har røysterett ved kommunestyreval i valkrinsen, og som på valdagen står innført i Sametinget sitt valmanntal i krinsen dei høyrer til.

Følgjande personar har røysterett dersom dei er innførte i sametinget sitt valmanntal:

  • Norske statsborgarar som fyller 18 år i løpet av valåret, og som er folkeregistrerte som busett i Noreg 30. juni i valåret
  • Statsborgarar i andre nordiske land som fyller 18 år i løpet av valåret og som er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg 30. juni i valåret
  • Andre utanlandske statsborgarar som fyller 18 år i løpet av valåret og som har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste 3 åra før valdagen

 

SAMETINGET SITT VALMANNTAL:

For å kunne røysta ved sametingsvalet må du vera registrert i Sametinget sitt valmanntal.

For å kunne stå i Sametinget sitt valmanntal må du registrera deg sjølv. 

Alle som avgir erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som enten

    a) Har samisk som heimespråk, eller

    b) Har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som            heimspråk, eller

    c) Er born av person som står eller har stått i manntalet

kan krevja seg innført i valmanntalet

Alle samar frå Noreg som er over 18 år eller fyller 18 år i løpet av valåret, har rett til å registrera seg i valmanntalet. Samar som er statsborgarar i andre nordiske land kan registrera seg i valmanntalet dersom dei den 30. juni i valåret er ført inn i folkeregisteret som busett i Noreg.

Samar som ikkje er frå eit nordisk land, kan registrera seg i valgmanntalet dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra før valdagen.

UTLEGGING AV SAMETINGET SITT VALMANNTAL TIL ETTERSYN

Osterøy kommune har færre enn 30 personar som er registrerte i Sametinget sitt valmanntal.  Manntalet vert difor ikkje lagt ut til ettersyn, men dei det gjeld vert tilskrivne.

Feil i Sametinget sitt valmanntal

Me har fått melding frå Valgdirektoratet om at det er feil i Sametinget sitt valmanntal.Valgdirektoratet samarbeider med Sametinget og Skatteetaten for å finna årsaka.

Dette betyr at valmanntalet som Osterøy kommune har motteke ikkje er korrekt, og at ikkje alle som står i sametinget sitt valmanntal og er busette i Osterøy kommune har fått brev frå oss.

Det er viktig at du likevel kjem til rådhuset og førehandsrøyster sjølv om du ikkje har fått brev frå Osterøy kommune.  Ta med valkortet dersom du har fått dette frå Sametinget sitt Valgstyre.  Dersom ikkje, så skriv me ut manuelt til deg.

Ta kontakt med registreringsbordet med ein gong du kjem og gje beskjed om at du ønskjer å røysta ved Sametingsvalet.  Dei vil då orientera deg om framgangsmåten.


Sist oppdatert: 24.11.2021
Publisert: 19.01.2021

Val 2019

Kommune- og fylkestingsvalet 2019 haldast måndag 9. september
Publisert: 01.11.2018
Sist endra: 11.09.2019

Ved kommune- og fylkestingsval veljast representantar til kommunestyrer og fylkesting i Norge. Neste val er måndag 9. september 2019. Vala haldast kvart fjerde år.

Informasjon om valet i Osterøy kommune vil verte lagt ut på denne sida.

Meir informasjon om valet og om kven som har stemmerett finn du på VALG.no

Det nye heradsstyret i Osterøy kommune 
Namn  Parti  Tal representantar per parti
Alf Terje Mortensen FRP            7
Henrik Øksnes FRP
Ellinor Therese Birkeland FRP 
Siren Tyssebotn FRP
Kim Andre Hartveit  FRP 
Ragnar Tyssebotn FRP 
Sigmund Arve Faugstad FRP
Lars Fjeldstad SP            5
Turid Bjørndal Njåstad SP
Johannes Haugland  SP
Asgeir Presttun  SP
Frode Flesland  SP
Aud Rita Tveiten AP            4
Johannes Myklebust Bysheim AP
Øyvind Litland AP
Jørgen Varden AP
Hjalti Heimir Gislason H            4
Aksel Mjøs  H
Berit Moslett Borge H
Ole Johannes Mjøs H
Jarle Skeidsvoll KRF            3    
Bjarte Hammer Aarland KRF
Kari Laurhammer Mjøs KRF
Tone Mjelde SV            2
Elin Hege Brumer Bratvold Lona SV
Trude Tomren MDG            1
Kjersti Ingolvsdotter Vevatne V            1
 

Sum: 27

 


Valdagen måndag 9. september 

Det vert halde val på representantar til kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 09. september 2019.

Du har røysterett ved valet dersom du oppfyller eitt av disse krava:

  • Du er norsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og er eller har vore registrert som busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i eit anna nordisk land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  •  Du er utanlandsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune. På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er registrert som busett pr. 30. juni 2019.

Her kan du røysta på valdagen i Osterøy kommune:

Haus krins

Haus skule, gymnastikksalen kl. 12.00 - 20.00 
Bruvik krins Bruvik helselag sitt fellesrom                                                                     kl. 12.00 - 20.00 
Hauge krins Osterøy integrerings- og læringssenter (gamle Hauge skule) kl. 12.00 - 20.00 
Lonevåg krins Lonevåg skule                                                                                            kl. 12.00 - 20.00 
Fotlandsvåg krins Fotlandsvåg skule                                                                              kl. 12.00 - 20.00 
Valestrand krins Valestrand skule, gymnastikksalen                                                  kl. 12.00 - 20.00 

 

Hugs godkjend legitimasjon og valkort!

 

Førehandsrøysting i institusjonar, omsorgs- og aldersbustader og vidaregåande skule

I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 vert det halde førehandsrøysting i desse institusjonane / omsorgs- og aldersbustadene og videregåande skule, og til slike tider:

Oversikt stad, dato og tidspunkt
Nesjatun - Lonevåg Torsdag 29.08.19 kl. 12.00 - 13.30
Hosanger omsorgsbustader - Hosangerheimen Torsdag 29.08.19 kl. 15.00 - 16.30
Haus omsorgs/aldersbustader Fredag 30.08.19 kl. 11.00 - 12.30
Osterøytunet - Hauge Måndag 02.09.19 kl. 11.00 - 13.30
Smøyatun - Fotlandsvåg Tysdag 03.09.19 kl. 13.00 - 14.30
Valestrand aldersbustader - Valestrand Onsdag 04.09.19 kl. 10.30 - 12.00
Osterøy Vidaregåande skule - Hatland Torsdag 05.09.19 kl. 11.00 - 13.00

Alle som ønskjer det, har høve til å førehandsrøysta på desse stadene. Bebuarar som ikkje kan møte i røystelokalet, har høve til å få røysta på sitt eige rom, eller der dei oppheld seg.  Dei kan kontakta Osterøy kommune, 56192100 og avtala på førehand, eller kontakta oss på staden.

Alle må ha offentleg godkjend legitimasjon. For bebuarar som ikkje har legitimasjonsparpir tilgjengeleg kan ein tilsett ved institusjon gå god for identiteten til veljaren. Då må den tilsette legitimera seg.

Ta gjerne med valkort, det sparar tid.           

Innkomne listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019
Tidlegrøysting frå 1. juli

I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er det høve til å førehandsrøysta frå 1. juli.

Tidlegrøysting i perioden 1. juli til og med 9. august er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøystig (frå 12. august til og med 6. september) og som heller ikkje kan røysta på valdagen (9. september).

Røystestad: Osterøy rådhus i vanleg opningstid kl. 08.00 – 15.00

Det er ikkje naudsynt å avtala tid på førehand, det er berre å møta opp i opningstida.

Ordinære røystesetlar med partinamn og kandidatar vil ikkje vera tilgjengeleg i starten av perioden for tidlegrøysting. Me nyttar i staden departementet sin avkryssingssetel i byrjinga, der du krysser av for det partiet du ønskjer å stemma på. Dette inneber at du ikkje får gje personrøyst til kandidatar som står på partilista som du ønskjer å stemma på, eller føra opp kandidatar frå andre lister (slengjarar).

Hugs legitimasjon!

Meir informasjon: tlf. 56 19 21 00  - eller 56 19 21 63

Førehandsrøysting: 12. august - 6. september 


Frå og med måndag 12. august til og med fredag 6. september kan du førehandsrøysta i Osterøy rådhus, Lonevåg. Alle med røysterett, uansett kva kommune dei er folkeregistrerte i, kan førehandsrøysta i Osterøy.

Opningstidene:

I perioden 12.08.19 – 06.09.19:
Måndag – fredag – kl. 08.00 – kl. 15.30
Laurdag 31.08.19 – kl. 10.00 – kl. 14.00
Torsdag 05.09.19 – utvida opningstid til kl. 18.00

Hugs legitimasjon! Ta med valkort!

 

AMBULERANDE RØYSTEMOTTAK (førehandsrøysting heime)

Veljarar som grunna sjukdom, uførleik eller andre årsaker ikkje kan møta i eit røystelokale, kan søkja valstyret om å få røysta der dei oppheld seg. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. For å søkja kan du ringja Osterøy kommune, tlf. 56 19 21 00, eller ta direkte kontakt med 

Dagrun Revheim, tlf. 56 19 21 63, eller

Bente Skjerping, tlf. 56 19 21 22.

 

Frist for å søkja om heimerøysting: onsdag 04.09.19

Det vil òg verta høve til å førehandsrøysta i institusjonar, vidaregåande skule og ved omsorgs-/aldersbustader. Informasjon om dette vert kunngjort seinare.

 

 

Utlegging av manntalet for Osterøy 

Du må stå i manntalet for å røysta ved valet. Du kan sjølv kontrollera om du står i manntalet i Osterøy kommune. Manntalslistene vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 15. juli og fram til valdagen 9. september. Alle med røysterett som er folkeregistrert i Osterøy 30. juni i valåret er innført i manntalet for Osterøy kommune. Står du i manntalet i Osterøy kan du røysta i Osterøy kommune på valdagen, eller du kan førehandsrøysta.

Dersom du har flytta frå ein annan kommune, og flyttemelding ikkje er motteke hos Folkeregisteret innan 30. juni d.å., står du framleis i manntalet i den kommunen du har flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.

Den som meiner at han/ho eller ein annan urettmessig ikkje er kome inn i manntalet i kommunen, eller at det er andre feil i listene som ligg ute, kan krevja at valstyret rettar opp feilen. Krav om retting må vera skriftleg og grunngitt og må sendast til Valstyret i Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Valstyret vil retta feil og oppdatera manntalet så langt det er mogeleg fram til valdagen.

Krinsmanntala for Osterøy kommune til kommunestyre- og fylkestingsvalet vert lagt ut på desse stadene:

Valestrand krins:       Coop Extra, Valestrandsfossen
Hauge krins:               Coop Extra, Valestrandsfossen
                                      Extra Lonevåg
Lonevåg krins:           Extra Lonevåg
Fotlandsvåg krins:    Joker Fotlandsvåg
Haus krins:                  Kiwi Haus
Bruvik krins:                Nærbutikken Bruvik
Hovudmanntalet:       Osterøy rådhus, Servicekontoret

Har du ikkje motteke valkortet ditt?

Kommunen har fått fleire utsende valkort i retur. Dersom du ikkje har motteke valkortet ditt i posten, kan du ta kontakt på telefon 56 19 21 00 eller via e-post: post@osteroy.kommune.no.

 


Sist oppdatert: 24.11.2021
Publisert: 24.11.2021