Møteplan, råd og utval

Heradsstyret

Trykk her for å opne møteplan og medlemsliste til heradsstyret. 

Her kan du sjå når heradstyret har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

 

Heradsstyret er det øvste politiske organet i kommunen. Heradsstyret gjer vedtak på vegner av kommunen i alle saker der vedtaksmyndet ikkje er delegert vidare til andre.

Heradsstyret vert vald kvart 4. år.

Heradsstyret kan oppretta eller leggja ned faste utval med visse oppgåver eller med ansvar for delar av den kommunale verksemda, når ein finn dette tenleg. Heradsstyret fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for slike utval.

Formannskapet

Trykk her for å opne møteplanen til formannskapet i eit eige vindauga.

Her kan du sjå når formannskapet har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

 

Formannskapet har politiske samordningsoppgåver, og handsamar mellom anna forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Formannskapet gir endeleg vedtak i saker der dei har delegert mynde frå kommunestyret. I andre saker gir dei ei innstilling til kommunestyret.

Formannskapet har delegert mynde til å ta endeleg avgjerd når det gjeldt tildeling av midlar frå næringsfond, alkohol og skjenkesaker og hastesaker kor ein treng gjera eit vedtak så raskt at ein ikkje rekk kalla inn kommunestyret.

Normalt har formannskapet møte to eller tre veker før eit kommunestyremøte. I tillegg kjem ekstramøte i samband med handsaming av budsjett, økonomiplan og andre tyngre saker.

Plan- og kommunalteknisk utval

Trykk her for å opne møteplanen til utvalet i eit eige vindauga.

Her kan du sjå når utvalet har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

 

Plan- og kommunalteknisk utval er oppretta frå 2012. Etter valet i 2015 har utvalet sju medlemmer med varamedlemmer.

Dette utvalet skal behandla og avgjer saker innan kommunalteknikk, miljø og arealforvaltning inkludert landbrukssaker, så langt avgjerdsmynde ikkje er lagt til administrasjonen. Saksområdet omfattar reguleringsplanar, dispensasjonssøknader etter plan- og bygningslova og klagesaker etter same lov.

Utvalet er også høyringsorgan for sektor-, tema- og andre planar som skal behandlast i formannskap/heradsstyre.

Utvalet vil ha møta ca. 1 gang/månad. Møta vert haldne i rådhuset og er opne for presse/publikum.

 

 

Kontrollutvalet

Trykk her for å opne møteplanen til kontrollutvalet i eit eige vindauga.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar. 

 

Kontrollutvalet er omfatta av følgjande lover og forskrifter: 

Utvalet rapporterer direkte til kommunestyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga blir utført gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Kontrollutvalet kan også gjennomføre eigne undersøkingar.

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta. Tips eller varsling kan sendast i post eller på e-post til sekretariatet.

Eldrerådet

Trykk her for å opne møteplanen til eldrerådet i eit eige vindauga.

Eldrerådet handsamar og gjev uttale til kommunestyret i saker som gjeldt eldre sine levekår.

Her kan du sjå når eldrerådet har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Trykk her for å opne møteplanen til råd for menneske med nedsett funksjonsevne i eit eige vindauga.

 

Rettleiar: råd for menneske med nedsett funksjonsevene 

Rådet er lovpålagt, og handsamar saker som gjeldt levekåra for menneske med nedsett funksjonsevne. Uttale frå råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal inngå i saksdokumenta til det utvalet som tek avgjerd i dei ulike sakene.

Her kan du sjå når rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er partipolitisk nøytralt, men er og meint å vera ein arena der ungdom får engasjera og skulera seg i politisk arbeid. Rådet er høyringsorgan i saker som vedkjem barn og unge, eit talerøyr og eit samarbeidsorgan mellom kommuneadministrasjonen og ungdomen.

Saker må meldast inn minst 2 veker før møtet. Meld inn til post@osteroy.kommune.no. Merk "Ungdomsråd". 

Administrasjonsutvalet

Trykk her for å opne møteplanen til administrasjonsutvalet i eit eige vindauga.

Her kan du sjå når administrasjonsutvalet har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

Utvalet handsamar saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Utvalet handsamar og føreslår overordna retningslinjer for kommunen sin personalpolitikk, og har uttalerett i saker til kommunestyret som fell inn under utvalet sitt arbeidsområde.


Sist oppdatert: 26.10.2020
Publisert: 12.11.2018