Kontrollutvalet

Trykk her for å opne møteplanen til kontrollutvalet i eit eige vindauga. 

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.  

Kontrollutvalet er omfatta av følgjande lover og forskrifter:  

Kva er rolla til kontrollutvalet?

Kontrollutvalet er eit lovpålagt utval som har ei sentral rolle i eigenkontrollen i kommunen. Det er heradsstyret som har det overordna kontrollansvaret for den kommunale verksemda. Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på heradsstyret sine vegne, og rapporterer direkte til heradsstyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.  

Kontrollutvalet ser også til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga blir utført gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll. Kontrollutvalet kan også setje i gang andre undersøkingar dersom det er naudsynt. 

Det er berre heradsstyret som kan påleggje kontrollutvalet oppgåver. Når det gjeld førespurnader frå andre partar må kontrollutvalet sjølv vurdere om saka skal handsamast. Det vil då verta vurdert om den ligg innafor mandatet til kontrollutvalet å handsama.  

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta.  

Sekretariatet til kontrollutvalet er uavhengig av kommunen sin administrasjon. Region Nordhordland IKS har sekretariattenestene for  Osterøy kontrollutval.

Kontaktinformasjon kontrollutvalssekretariatet 

Region Nordhordland IKS 

Kvassnesvegen 23 

5914 Isdalstø 

E-post: kontrollutval@regionnordhordland.no 


Sist oppdatert: 20.12.2023
Publisert: 05.05.2022