Varsel om oppstart av privat detaljregulering for Haus næringspark - PlanID 4630 2023 002
Planområdet
Planområdet er på om lag 18,44 daa, og ligg i Haus i Osterøy kommune. Planområdet består av eit eksisterande næringsområde. Delar av eigedomen nyttast i dag til Miljø Drift sin næringsverksemd.
Om planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å regulere eit eksisterande næringsområde. Plan- og kommunalteknisk utval gjorde vedtak i sak om mellombels dispensasjon for oppføring av brakkerigg ved gbnr. 54/25, om at det vert gjeve dispensasjon frå plankravet på vilkår om at det vert starta arbeid med å få lage reguleringsplan for området i tråd med gjeldande kommuneplan.
Planstatus
Planområdet er i gjeldande kommuneplan sett av til næringsbygningar og LNFR-areal. Planområdet ligg også innafor omsynssone for støy – gul støysone og raud støysone.
Planen medfører etter kommunen si førebels vurdering ikkje krav om konsekvensutgreiing etter kapittel 4 i plan- og bygningslova. Initiativtakar med plankonsulten har utarbeidd eit planinitiativ og det er halde oppstartsmøte med kommunen. Sjå vedlagt planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet.
Forslagsstillar og utførande konsulent
Planarbeidet utførast på vegne av Arkoconsult AS på vegne av Miljø Drift AS og Mjeldalen Næringspark AS.
Innspel og merknadsfrist
Eventuelle innspel kan sendast til plankonsulent innan 22.03.2024. Alle mottekne dokument, innspel o.l. følgjer planforslaget når det vert oversendt til kommunen.