Varsel om endring av reguleringsplan - Holmane Næring – Fotlandsvåg planID 46302013004
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:
«Heradsstyret vedtek at det vert varsla og kunngjort oppstart av endring Reguleringsplan for Holmane Næring – Fotlandsvåg – planID 4630_12532013004, jf. pbl § 12-8, jf. § 12-14, 1. ledd. Endringane gjeld rekkjefølgjekrava i planføresegnene §§ 3.1 og 3.7.»
SAKSOPPLYSNINGAR
Planendringa gjeld justering av rekkjefølgjekrava i planføresegnene §§ 3.1 og 3.7.
Endringane har som føremål å leggje til rette for gjennomføring av reguleringsplanen med betre tilpassa krav om opparbeiding/utbetring av offentleg veg, fortau mm, slik at rekkefølgjekrava står i sakleg og rimeleg høve til dei tiltaka reguleringsplanen opnar for, dei lokale tilhøva i Fotlandsvåg, næringsverksemda i planområdet og omsynet til ivaretaking og utvikling av Fotlandsvåg som grend i eit større samfunnsperspektiv.
Planområdet
Planområdet som omfattar gardsnr./bruksnr. 96/17 m.fl., ligg på Holmane næringsområde i Fotlandsvåg, Osterøy kommune.
Bakgrunn
Lonevåg beslagfabrikk AS har fått utarbeida reguleringsplan for Holmane næringsområde i Fotlandsvåg i Osterøy kommune. Hovudformålet med planarbeidet er å utvida eksisterande næringsområde gjennom utfylling i sjø og legge til rette for langsiktig områdeutvikling i tillegg til å ta omsyn til miljø og samfunn. Planen sikrar meir næringsareal, høgare utnyttingsgrad i området og forbetring av eksisterande trafikk-areal både i og rundt næringsarealet.
Reguleringsplanen vart vedteke av heradsstyret i møte 22.02.23.
Reguleringsplanen har rekkjefølgjekrav om ferdigstilling av offentleg veg, fortau mv. langs heile planområdet og heilt inn til Fotlandsvåg (skulen). Endringane gjeld siste del av strekninga frå næringsområdets slutt til Fotlandsvåg.
Rekkjefølgjekrava om opparbeiding av veg frå slutten av næringsområdet i sør til skulen, kom inn etter krav frå regional vegmynde. Både utbyggjar og kommunen har heile vegen meint at desse ikkje står i tilstrekkeleg sakleg samanheng med aktiviteten i næringsområdet, planlagde tiltak i næringsområdet og ei heilskapleg vurdering av situasjonen for grenda Fotlandsvåg.
Kommunedirektøren meiner at utbygging av fortau på siste del av strekninga inn mot Fotlandsvåg sentrum ha lite å seie for skuleborn og omsynet til trygg skuleveg. Gåande til skulen kjem ikkje frå næringsområdet, men frå bustader i sentrum. Det er knappast bustadhus langs strekninga, og det finnast òg alternative snarvegar og liknande.
Trafikkauke frå Fotlandsvåg sentrum pga. planlagde tiltak vil vere marginal, og situasjonen vert ikkje forverra for mjuke trafikantar på strekninga ved gjennomføring av reguleringsplanen.
Kravet om utbetring av veg og bygging av fortau på strekket frå industriområdet og inn til kryss mot skulen set ein stoppar for vidare planar ein har for satsing i Fotlandsvåg.
Forslagsstillar: Lonevåg beslagfabrikk AS.
Utførande konsulent: Asplan Viak.
Innspel og merknadsfrist
For nærare informasjon kontakt kommunen ved planavdelinga post@osteroy.kommune.no.
Innspel til planarbeidet sendast til post@osteroy.kommune.no eller Osterøy kommune v/plan, Postboks 1, 5293 Lonevåg
Frist for innspel er sett til: 19.08.2024