HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarUttale til forslag om mindre endring i Reguleringsplan for Haus sentrum, del sør PlanID 504_27 - merknadsfrist 15.04.2020

Uttale til forslag om mindre endring i Reguleringsplan for Haus sentrum, del sør PlanID 504_27 - merknadsfrist 15.04.2020

Framlegg til plan

Forslagsstillar er Norgeshus Mjelde Bygg AS og utførande konsulent er Ard Arealplan AS.

Planområdet er på ca 5,5 daa og legg til rette for oppføring av fleirmannsbustad med parkeringskjellar, i tillegg til eit leikeareal som skal vere tilgjengeleg for ålmenta. For felt B/F 1 aukast utnyttingsgraden frå TU 40% til BRA 160%. I tillegg er byggegrensa mot Votlovegen flytta. Det vil og regulerast inn ein ny vegløysing i planen med blant anna gatetun og innsnevra avkøyrsler. Illustrasjonen under visar (frå venstre til høgre) gamal plan, ny plan og ny illustrasjonsteikning.   

 

Planforslaget er regulert til føremål under:

  1. Bygg og anlegg:
    • Bustader/forretning/kontor
  2. Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur:
    • Veg, køyreveg, fortau, gatetun, gangveg/gangareal/gågate, annan veggrunn -grøntareal og parkeringsplassar.
  3. Omsynssone:
    • Frisiktsone ved veg.

Planforslaget omfattar: 

  1. Planskildring
  2. Plankart
  3. Føresegner
  4. Illustrasjonsplan
  5. Vegprofil

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.

Kunngjering om høyring og offetleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Berørte grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive. 

Plandokument ligg og til gjennomsyn i servicekontoret på rådhuset. 

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan du sende e-post til post@osteroy.kommune.no , eller per brevpost til

Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merk gjerne innsending av merknaden «Til planavdelinga» og med PlanID for den aktuelle planen.

Merknadsfrist: 15.04.2020


Sist oppdatert: 03.03.2020
Publisert: 03.03.2020