Oppstart reguleringsplan av akvakultur Angelskår
Planarbeidet er ei detaljregulering av akvakulturområde på Angelskår. Arealet er avsett til akvakulturføremål i gjeldande kommuneplan for Osterøy. Det vert ikkje i planarbeid lagt opp til endring av biomasse i området. Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å legge til rette for etablering av akvakulturanlegg på Angelskår, der ein skal regulere areal for akvakulturanlegg beståande av 12 merdar, fôrflåte m.m. på sjøflata og tilhøyrande fortøyingsliner/ ankerfeste. Sett i høve til dagens løyve for lokaliteten vil reguleringsplanen legge til rette for flytting av anlegget, større anlegg, samt overføre produksjonsvolumet (MTB) frå Kvamme til lokaliteten på Angelskår.
Moglege merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg innan høyringsfristen 21.03.2019
Postadresse: ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Epost: poststord@abo-ark.no eller til turid@abo-ark.no
Dette brevet er i fyrste fase i planarbeidet og er eit varsel om oppstart av planarbeidet i området ved Angelskår. Sjølve planframlegget med detaljar for planlagd situasjon vil verta sendt på høyring seinare i prosessen.
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld planomtale, plankart og føresegner. Ferdig planforslag vil så bli sendt Osterøy kommune for handsaming. Alle mottekne dokument, merknader o.l. føl planforslaget når det blir oversendt Osterøy kommune for handsaming. Etter 1. gangs politisk handsaming vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera moglegheit til å spele inn merknadar til planframlegget før ny politisk handsaming av planforslaget.