Kunngjering om varsel om mindre utviding av planområdet for områderegulering Lonevåg - merknadsfrist 21.august 2019
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og §12-9 vert det varsla ei mindre utviding av planområdet for offentleg reguleringsarbeid for områdeplan Lonevåg med planID 12531215001.
Oppstart av planarbeidet i 2018
Det var varsla oppstart av planarbeidet februar 2018 med varsel om at ei rekkje eldre reguleringsplanar skulle opphevast ved vedtak av områderegulering Lonevåg. Ved nærare ettersyn har ein oppdaga at det er naudsynt med nokre justeringar slik at heile reguleringsplanar er dekka av planområdet.
Mindre utviding av planområdet i 2019:
Ved ein feil vart ikkje heile området for reguleringsplan Hoggje planID 504_69 inkludert i planområdet. Det var varsla at denne planen skal opphevast saman med andre eldre reguleringsplanar.
Hoggje
Planområdet vert no utvida slik at det inkluderer heile området for Hoggje bustadfelt, sjå under:
Figur 1 Raud linsje er ny justert planavgrensing. Turkis viser tidlegare planavgrensing.
Rymleheia
Det er også naudsynt å gjere ei mindre justering av plangrensa slik at den omfattar heile detaljregulering Rymledalen tomtefelt- Hatland planID 504_61. Her er det gjort ei justering av plangrensa sjå under:
Figur 2 Raud linje er ny justert planavgrensing. Turkis er planavgrensing varsla ved oppstart.
Fossen
Det er også naudsynt å gjere ei mindre justering av plangrensa slik at den omfattar heile detaljregulering Fossen – Lonevåg planID 504_7. Justeringa er gjort slik at planområdet er utvida slik at det følgjer tidlegare planavgrensing for detaljregulering Fossen.
Figur 3 Raud linje er ny justert planavgrensing. Turkis er planavgrensing varsla ved oppstart.
Informasjon og merknader:
For nærare informasjon kontakt kommunen ved planavdelinga. Innspel til planarbeidet sendast til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller pr e-post: post@osteroy.kommune.no
Frist for merknad til er sett til 21.08.19.