Kunngjering endeleg vedtak - Områderegulering Lonevåg - Lonevåg Hatland - PlanID 46302015001 - Klagefrist 19.11.2021
I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-12 har Heradsstyret i møte 13.10.21 vedteke følgande:
«Rådmannen sitt framlegg vert vedteke med følgande presisering: Tilkomststveg f_svg som er teikna langs den gamle møbelfabrikktomta og inn til bustadene ved Husavatnet,vert ikkje nytta som tilkomst til område BBH.
o_BLK03 vert slått saman med o_BIA03 og planføresegn 2.73 vert stroken. Området skal avsettast som som møteplass både for dei som driv med organisert aktivitet/idrett og dei som ikkje deltek i organiserte aktivitetar kan møtast.»
I tillegg rådmannen sitt framlegg til vedtak:
«1.Osterøy kommune vedtek Områderegulering for Lonevåg-Hatland, planID 46302015001, med føresegner (dagsett 15.09.21), planskildring (dagsett 14.09.21) og plankart (dagsett 06.09.21) slik dei no ligg føre, med tilhøyrande vedlegg, i medhald av plan-og bygningslova § 12-12.
2.Det er utarbeida vegteikningar for delar av vegnettet i Lonevåg, i hovudsak knytt til fylkesveg, men også for delar av kommunalt vegnett. Desse er retningsgjevande for vidare detaljering og realisering av planen.
3.Områderegulering for Lonevåg-Hatland planID 46302015001 erstattar heile planane under. I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 vert desse planane oppheva:
1253 2011 005 Mindre reguleringsendring FV 567 Kryss til Kårvika –Lonevåg
1253 2009 002 Mindre reguleringsendring –Fugledalen –Fotballbane –Lonevåg
1253 2008 1300 Reguleringsendring Lonevåg sentrum, Gnr. 13, Bnr. 86 og 25 mfl.
1253 2008 500 Reguleringsendring, Neset gnr. 13 bnr. 223, 170, 171 –Lonevåg
1253 2008 400 Reguleringsplan Osterøy VGS -Hatland
1253 2006 0800 Reguleringsplan Fotballbane Fugledalen –Lonevåg
12.10.05 Dalabakken, Lonevåg –bustad
26.10.05 Utbyggingsplan for Solplassen-Lonevåg Gbnr 14 bnr 69,76,134,220 og 234
1253 504_70 Reguleringsplan FV Hauge-Lonevåg
1253 504_69 Hoggje bustadfelt, Hatland
1253 504_67 Rv 566 Hp.64 Rolland –Hauge-Hannisdalen bussløyfe i arm til Lonevåg
1253 504_61 Rymledalen tomtefelt (Rymleheia), Hatland
1253 504_54b K. Lerøy Metallindustri A/S –Lonevåg sentrum
1253 504_54a Lonevåg sentrum
1253 504_51_1 Lonevåg –Hatland endring
1253 504_51 Lonevåg –Hatland
1253 504_43 Ramberget, Lonevåg
1253 504_29 Reg. endr. Sjukeheimstomta –Hatland
1253 504_7 Fossen, Lonevåg med endringar gjort i Heradsstyret 14.10.98, 25.10.06 og
endring i Natur 20.06.01.
01.06.66 Lonevåg (restareal Kårvika)
06.03.56 Reguleringsplan for Lonevåg
4.Områderegulering for Lonevåg-Hatland planID 46302015001 erstattar i delar av planane under. Dette er dei delane av planane som ligg innanfor planavgrensinga til områderegulering Lonevåg:
12532012001 Reguleringsplan Fugledalen bustad
125320081200 Mindre reguleringsendring FV 567 Hauge-Lonevåg.»
OM PLANEN
Det er utarbeida områderegulering for Lonevåg- Hatland. Tiltakshavar for planen er Osterøy kommune og utførande konsulent er planavdelinga i kommunen.
Planområdet er på om lag 1500 daa og dekkjer store delar av det som er Lonevåg sentrum med tilhøyrande omland. Områdeplan Lonevåg- Hatland erstattar og opphevar eldre planar innanfor planområdet ved vedtak av planen.
Planframlegget har vore på høyring og offentleg ettersyn to gongar. Høyringane har ført til endringar, men hovudtrekka i planen er vidareført.
Planforslaget er i hovudsak i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Området er i kommuneplanen sin arealdel sett av med gjennomføringssone H810_85 i Lonevåg med krav til felles planlegging.
Planen legg i hovudsak opp til å vidareføre hovudgrepa i tidlegare reguleringsplanar for Lonevåg.
Føremålet med planen er å leggja til rette for ein heilskapleg utvikling av Lonevåg. Planen tek omsyn til utfordringar med faresoner for skred, flaum og stormflo, i tillegg til utfordringar knytt til infrastruktur. Med regulere areal for konsentrerte bustadar og fleirmannsbustadar legg planen til rette for fortetting i egna områder. Det vert også lagt til rette for eit meir definert sentrumsområde, men med fleksibilitet som mogleggjer forretning, kontor, næring og bustadar.
ENDRINGAR ETTER 3.GONGS HANDSAMING
På bakgrunn av Heradsstyret sitt vedtak er det gjort følgjande endringar i planframlegget etter handsaming:
Felt o_BLK (Leikeplass) som var på 2,35 daa er blitt ein del av del av felt o_BIA03 (idrettsanlegg).
Føresegn 2.73 «o_BLK03 kan nyttast til leikeareal og/eller nærmiljøanlegg.» er sletta.
PLANFRAMLEGGET OMFATTAR
Plandokument:
- Plankart
- Føresegn
- Planskildring
- VA plan
- Landskapsplan - Lonevågparken
- Park i Lonevåg sentrum
- Illustrasjonsplan A1
- Faresone A1
- Flaumsonekartlegging Lonevåg_rapport
- Notat_Konseptanalyse for risikoreduserande tiltak
- Rapport skredfarekartlegging Lonevåg
- Rapport 25 2019 Områderegulering Lonevåg
- Revidert rapport Husavatnet
- Resultat frå marinarkeologiske registreringar
- Veg B001_250920_Lonevåg sentrum oversikt
- Veg C001_250920_Lonevåg sentrum inkl avkøyrsle kollektiv
- Veg C002_250920_Lonevåg sentrum Gjerstadvegen
- Veg C003_270320_Småbåthamn
- Veg C003NR2_060520_Kjørrgrova tilkomstveg
- Veg D001_250920_Lonevåg sentrum oversikt vegmodeller
- Veg F001_060220_Lonevåg sentrum
- Veg F002_060220_Lonevåg sentrum Gjerstadvegen
- Veg F003_280820_Småbåthamna
- Veg F004_250920_Avkøyrsle mot kollektiv vist i D001
OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN
Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Osterøy kommune v/planavdelinga
Postboks 1 5293 Lonevåg
Eller på epost: post@osteroy.kommune.no
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.
Klagefrist er sett til 19.11.21.