HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kunngjering endeleg vedtak - Kommuneplanen sin samfunnsdel

Heradsstyret gjorde følgande vedtak i sak 068 i møte 13.oktober 2021: 

Kommuneplanen sin samfunnsdel for Osterøy kommune vert vedteken slik han ligg føre, med
desse tillegga: 

Følgande vert lagt til på side 24, og forlenger avsnitt 2: For å auke og betre tilhøva for jordbruk og skogbrukdrift, må me arbeide systematisk med å få nytta ressursar som overskotsmassar frå utbyggingar best mogleg og med kortast mogleg transport. Dette må i størst mogleg grad nyttast lokalt for å auke areal som kan haustast og nyttast maskinelt.

Planavdelinga får løyve til å tilpasse tekst, om naudsynt

Til punktet Gode levekår og attraktive lokalsamfunn): «Frivillig arbeid har alltid vore avgjerande for levedyktige bygder i Osterøy, og vore viktig for vekst, trivsel og  folkehelse i vid forstand. Det er difor viktig å ta dette med, både kultur, idrett og andre frivillige initiativ i arbeidet med å realisera denne samfunnsplanen.» Planavdelinga har fullmakt til plassering og endeleg formulering.

På s.33 punkt 4, under generell arealstrategi: "Valestrand, Hauge" vert endra til "Valestrand/Hauge".

1. Side 32, Legge til i avsnitt 4 etter setning 4: Det må likevel kunne sikrast busetnad i kommunen utanfor desse områda for mellom anna å sikre at jordbruk og næringsliv utanfor dei etablerte sentra skal kan kunne driftast.

Planframlegget

Saksframlegg og vedtak kan du lese her.

Kommuneplanen sin samfunnsdel med Heradsstyret sitt vedtak

Klagefrist

Heradsstyret sitt vedtak om kommuneplan kan ikkje klagast på, jf pbl § 11-15 3.ledd. 


Sist oppdatert: 02.11.2021
Publisert: 29.10.2021