HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Hosanger næringsområde - klagefrist 4.desember 2020

Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Hosanger næringsområde - klagefrist 4.desember 2020

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Heradsstyret 28.10.2020 med slikt vedtak:

Heradsstyret vedtek, i medhald av plan- og bygningslova §12-12, Detaljregulering Hosanger næringsområde – Holedalen – Mjøsvågen – Hosanger - PlanID 46302015003 – med plankart dagsett 26.08.2020, føresegner 26.08.2020 og planskildring dagsett 26.08.2020 - slik den ligg føre.

Saka vart handsama 28.10.2020 med saksnr 080/20. 

UTVALET SI HANDSAMING:

Vedteke med 26 røyster (7FRP, 4H, 5SP, 4AP, 3KRF, 2SV, 1V) mot 1 røyst (MDG)

De er med dette gjort kjend med vedtaket.

Om planen:

Planen legg til rette for utviding av eksisterande næringsområde knytt til Mjøs Metallvarefabrikk AS i Hosanger. I tillegg omfattar planen ny vegløysing langs vegen til Kossdalen og ei ny avkøyring frå fylkesvegen. Planområdet er på om lag 71daa. Deler av planframlegget er ikkje i tråd med overordna plan. Det gjelder i hovudsak at delar eksisterande næringsområde er regulert til sentrumsformål i KPA og at delar av området som er regulert til næring i KPA er regulert til LNF.

Tiltakshavar er Mjøs Metallvarefabrikk AS. Plankonsulent er Opus Bergen AS.

Planframlegget har vore ute på høyring og offentleg ettersyn to gonger og har vore på avgrensa høyring til offentlege mynde ein gong.

1. gongs høyring og offentleg ettersyn 28.06.2019 – 30.08.2019.

2. gongs høyring og offentleg ettersyn 19.02.2020 – 07.04.2020.

3-.gongs avgrensa høyring frå 03.09.2020.

Planframlegget omfattar: 

  1. Saksframlegg 4.gongs handsaming med endeleg vedtak. 
  2. Plankart Hosanger næringsområde PlanID 46302015003 - 260820
  3. Føresegner Hosanger næringsområde PlanID 46302015003 - 260820
  4. Planskildring Hosanger næringsområde PlanID 46302015003 - 260820
  5. Hosanger Næringsområde_VA-Rammeplan
  6. Hosanger Næringsområde Illustrasjonsplan 1
  7. Hosanger Næringsområde Illustrasjonsplan 2
  8. Hosanger Næringsområde_Kostnadsanslag fjellhall
  9. Hosanger Næringsområde_NML-vurdering
  10. Hosanger Næringsområde_Snitt og arealutforming
  11. Hosanger Næringsområde_Sol_Skygge_Situasjon
  12. Hosanger Næringsområde_Vegetasjonsplan
  13. Merknadsskjema Hosanger næringsområde_ offentlig ettersyn2_2020
  14. Flomfarevurdering Mjøs metallvarefabrikk 241019
  15. Saksframlegg - avgrensa høyring - 3. gongs handsaming av Plansak 46302015003 Hosanger næringsområde
  16. Skredfarevurdering Mjøs metallvarefabrikk - 151119
  17. Vegteikning f_SV1_avkjørsel_fv567_rev-2020-07-08

Grunnen til at siste høyring vart avgrensa, var fordi det berre var endringar av prinsipiell karakter knytt til vegløysinga og omsynssoner for flaum som vart endra frå 2. gongs høyringa.

Plandokument og vedtak ligg i kommunen si innsynsløysing. Gå direkte til innsynsløysinga her. 

Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg seinast innan 04.12.2020.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.

Klagefrist er sett til 04.12.2020.

 


Sist oppdatert: 10.11.2020
Publisert: 10.11.2020