HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004. Klagefrist 21.mars 2023

Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004. Klagefrist 21.mars 2023

Heradsstyret gjorde følgande vedtak i møte 22.02.2023 i sak 006/23:

I medhald av plan- og bygningslova §12-12 vert Detaljregulering Holmane næring – Fotlandsvåg, PlanID 46302013004 med Plankart datert 12.08.22, Føresegn datert 11.11.22, VA-rammeplan datert 18.03.19 og planskildring datert 11.11.22 vedteke.

Skildring av planen

Planframlegget legg til rette for at eksisterande verksemder kan utvide og at det kan etablerast nye bygg som kan gje moglegheit for andre verksemder.

Næringsområdet er inndelt i 4 felt dvs BN1-BN4. BN1 omfattar dagens Lobas, småbåthamn og HBH-bygget, BN2 er eksisterande areal sør for HBH med potensiale for nybygg, BN3 er eksisterande areal til Sjøtroll med potensiale for nybygg og BN4 er eksisterande areal til Oster. Innanfor område sett av til næringsverksemd kan det førast opp bygningar / anlegg for industri/lager med tilhøyrande kontor jf. reguleringsføresegna § 5.1.1.

Sør i planområdet er det regulert for spreidd fritidsbygning-naust med omsynssone bevaring kulturmiljø H570. Dette er eksisterande naust som er SEFRAK-registrerte.

Det er regulert fylkesveg med kollektivhaldeplass, avkøyrslar og fortau i planområdet. Det er knytt rekkefølgekrav til at utviding av fylkeveg og utbygging av fortau må vere godkjent ferdigstilt før det vert gjeve løyve til tiltak innanfor næringsområda. 

Tiltakshavar er Lobas AS og plankonsulent er Asplan Viak.

Plandokument og vedtak

Saksframlegg med vedtak

Planframlegget omfattar:

  1. Holmane næring, Fotlandsvåg - Planskildring 111122
  2. Plankart Holmane næring - PlanID 46302013004 -120822
  3. Holmane næring, Fotlandsvåg - ROS-analyse 111122
  4. Holmane næring Fotlandsvåg - Føresegner 111122
  5. Holmane næring, Fotlandsvåg - VA-rammeplan med tegninger, 18.03.19
  6. Holmane næring, Fotlandsvåg - Innledende miljøundersøkelser
  7. Holmane næring, Fotlandsvåg - konsekvensutgreiing for natur
  8. Holmane næring, Fotlandsvåg - Marinarkeologiske registreringar
  9. Merknader og uttaler til oppstart
  10. Merknadskommentarer – Planoppstart
  11. Notat om mulighet for utfylling
  12. Holmane næring - Skredfarekartlegging_rev04
  13. Illustrasjonsplan LB002 - Holmane næring, Fotlandsvåg PlanID 4630201304 – 120822
  14. Holmane næring, Fotlandsvåg – Landskapsbilete
  15. Merknadar til avgrensa høyring – samla
  16. Merknadar til 3 gongs høyring og offentleg ettersyn – samla
  17. Merknadsoppsummering Holmane næring_avgrensa høyring_med rådmannen sine kommentarar
  18. Merknadsoppsummering_offentlig ettersyn 3. gongs handsaming med rådmannen sine kommentarar
  19. Holmane næring, nordøstre del av FV - dybder til fjell m_vedlegg
  20. TF010
  21. TU010
  22. TU011
  23. TU012
  24. TU013
  25. TU014
  26. TC010
  27. TC011
  28. TC012
  29. TB010

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter plan- og bygningslova §1-9 påklagast til Statsforvaltaren av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til  post@osteroy.kommune.no eller pr brev til  Osterøy kommune v/planavdelinga, Postboks 1, 5293 Lonevåg. 

Klagefrist er 21.mars 2023. 


Sist oppdatert: 24.02.2023
Publisert: 23.02.2023