HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Gloppemyra næring - Hauge- Klagefrist 7.februar 2020

Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Gloppemyra næring - Hauge- Klagefrist 7.februar 2020

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Heradsstyret 11.12.2019 med slikt vedtak:

«I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vert framlegg til plan for Detaljregulering av I2 Gloppemyra Næring - Hauge, planID 12532014003, med plankart dagsett 22.10.2019, føresegn dagsett 24.10.2019, planskildring dagsett 03.10.2019, VA-rammeplan dagsett 13.05.2015 og andre tilhøyrande dokument vedlagt i saka, vedteke.»

Du kan lese heile vedtaket og saksframlegget her. 

Saksopplysningar:

Planframlegget gjeld detaljregulering av mellombels deponi og framtidig næringsområde i Gloppemyra, Hauge gbnr 4/1 og 4/2. Planområdet er på 83 daa og er i overordna plan satt av til næringsområde. Totalt kan området ta i mot 1 million m3 med massar. Planen omfattar i tillegg ny kryssløysing i fylkesveg.

Tiltakshavar er Osterfjord Maskinstasjon AS og AS Oster Transport & Entreprenørforretning. Utførande plankonsulent er ArkoConsult.

Plandokument og vedtak ligg til gjennomsyn i servicekontoret på rådhuset og biblioteket. Grunneigarar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Planframlegget består av 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg seinast innan 07.02.2020. Klage kan sendast til post@osteroy.kommune.no.  Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksistenande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.

Klagefrist er sett til 07.02.2020


Sist oppdatert: 17.01.2020
Publisert: 16.01.2020