HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - klagefrist 7.januar 2020

Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - klagefrist 7.januar 2020

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i heradsstyret 27.november 2019 med slikt vedtak:

"Heradsstyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, at plan for Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - Plan ID 12532019001 -med føresegner datert 22.05.2019, planskildring datert 22.05.2019, med slik endring og tillegg:  

Endring:

5. Rekkefølgekrav pbl. 12 - 7, nr. 10:

5.1 På land skal det settast opp skilt som viser fortøyningslinene i området (ta vekk naustmiljø).

Tillegg: 

Lerøy Vest/ Sjøtroll Havbruk skal ha ein kontaktperson som naboar o.l. kan ta kontakt med ved spørsmål kring anlegget/ drifta etc.(står omtala s. 8 i planomtalen)."

 

Framlegg til plan

Føremålet med planframlegget er å regulera inn eit akvakulturareal og fortøyingsområde ved Angelskår. Området er avklart i gjeldande kommuneplan, og føl avgrensinga i denne. Planframlegget omfattar sjølve overflateanlegget og område under vatn som skal nyttast til oppankring av anlegget. 

Lokalitetane ved Kvamme vert lagt ned og produksjon vert flytta til Angelskår. Det vil difor ikkje verta større biomasse eller meir akvakultur som følgje av reguleringsplanen.

Verknad på omgjevnadane knytt til ljos, støy og lukt er utgreidd, og det er vurdert at det ikkje vil vera negative konsekvensar av planlagde tiltak. Det har vore eit særskild fokus på verknadane av tiltaket på miljøet i fjorden. Verknadane er godt utgreidd og det vil ikkje vera ein negativ endring i høve til dagens situasjon. 

Les vedtak og saksframlegget frå Heradsstyret 27.november 2019.

Planforslaget omfattar:

 

Tiltakshavar er Lerøy Vest/Sjøtroll Havbruk, medan utførande plankonsulent er  ABO plan & arkitektur AS.

Du finn og plandokumenta til gjennomsyn i servicekontoret på rådhuset og biblioteket i Lonevåg. Naboar, grunneigarar og offentlege mynde er er direkte tilskrive.

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett pr e-post til post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osteroy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Loneåvg, seinast innan 7.januar 2020.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3. 

Klagefrist er sett til 7.januar 2020.


Sist oppdatert: 03.01.2020
Publisert: 09.12.2019