Kunngjering av oppstart av planarbeid - Hauge - gbnr 4/95 m.fl - PlanID 46302019004 - Merknadsfrist 11.mars 2022

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8 vert det kunngjort oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Hauge, gbnr 4/95, i Osterøy kommune.

Tiltakshavar er Handelsbygg Holding AS. 

Plankonsulent er SH Prosjekt AS. 

Raudt omriss viser areal som vert varsla ved oppstart. Målestokk 1:2000. 

Føremålet med planen

Planframlegget vil i hovudsak leggje til rette for oppføring av nye bygg for forretning, næring, kontor, tenesteyting. I tillegg vil det leggast til rette for tilkomstvegar, uteareal, parkeringsplassar, areal for varelevering, renovasjon med meir. 

Planen vil leggje til rette for 3 bygg, med totalt bruksareal på ca 9000 m2, eksklusiv parkering. Maksimal byggjehøgd vert vurdert vidare i planarbedet, men intensjonen er at byggjehøgd skal sjåast i samanheng med kringliggande bygg. 

Heile planinitiativet kan du lese her. 

Planområdet

Området er omlag 24,8 daa, og inkluderar areal fram til kollektivløysing i nord. Sørstedel av planområdet vert regulert til forretningsføremål som er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel (sentrumsområde). Andre aktuelle arealføremål er samferdsleføremål og grøntareal. Planområdet inkluderar areal mot nordvest for å sikre tilbod til mjuke trafikantar til sentrale målepunkt. 

Det er vurdert at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. 

Det meste av planområdet består av planerte flater. Tilgrensande areal er  eksisterande næringsareal og fylkevegen FV 567 Valestrandsvegen mot nord/nordaust. 

Planlagde tiltak kan få verknadar for omkringliggande område i form av auka støy og trafikk, nye bygg, landskapsmessige endringar og auke i aktivitet. Området er ikkje bygd ut idag, medan nærliggjande område er i stor grad bygd ut. 

Merknader til varsel om oppstart

Eventuelle innspel eller uttaler til varsling av oppstart må rettas skriftleg til SH Prosjekt AS, e-post til janne@shprosjekt.no, eller per brev til SH prosjekt AS, Postboks 65, 1851 Mysen.

Merk uttalen med saksbehandlar sitt namn og kva planarbeid det gjeld. 

Merknadsfrist er sett til 11.mars 2022. 

Innspel og merknader får ikkje eigne svarbrev, men vert kommentert og vurdert av forslagsstillar, og er ein del av det samla planmaterialet som vert sendt til kommunen for videre handsaming. I samanheng med varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid vert det lagra persondata om eigarar av vedkommande eigedomar – namn, eigendomsnummer og adresse.

Dersom det er spørsmål til planarbeidet, kan spørsmål rettast til plankonsulent. 

Janne de Jong, arealplanleggar

Mobil: 404 54 349

E-post: janne@shprosjekt.no


Sist oppdatert: 11.02.2022
Publisert: 09.02.2022