HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av endeleg vedtak - Mindre endring Detaljregulering Fulgedalen bustad - Hatland

Kunngjering av endeleg vedtak - Mindre endring Detaljregulering Fulgedalen bustad - Hatland

Rådmannen gjorde følgjande vedtak i saka 01.11.19:

I medhald av plan og bygningslova § 12 -14, vert framlegg til mindre reguleringsendring i plankart og føresegner (datert 24.09.2014) for Fugledalen Bustad Hatland, Gbnr 13/3, 13/4 m.fl., PlanID 12532012001 vedteken. 

Bakgrunn for endringa 

Endringa gjeld Detaljregulering Fugledalen Bustad Hatland 12532012001 som vart vedteken 24.09.2014.

Tiltakshavar har kome med ynskje om endring av plankart og føresegnene, på bakgrunn av at det er komen utfordringar i samband med detaljprosjektering av fleire byggeområder. Det har også vore naudsynt med ei mindre utviding av planområdet slik at gangvegen frå Fugledalen bustad til idrettsplassen kan gå heilt ned til eksisterande gangvegsystem på Hatland. I samband med endringa vil skredfaresoner bli lagt inn i plankartet etter krav frå kommunen.

Det er ynskje om endring i både plankart og i føresegnene. 

Grunngjeving for endringane:

Intensjonen til den opphavlege planen har vore å opparbeide området med attraktive og varierte bustader med gode leikeareal. I tillegg skal planen sikra ein gjennomgåande grøntstruktur og regulere gode gangvegar mellom planområdet og sentrumsfunksjonane i Lonevåg.

Det er starta opp arbeid med å planera området, og ein er kome langt mellom anna med etablering av nye vegar innanfor planområdet. Tiltakshavar har kome med førespurnad om dei fleste endringane på bakgrunn av utfordringar knytt til detaljprosjektering av bygg. Osterøy kommune vil samstundes at utarbeidde skredfaresoner med rekkjefølgjekrav/tilhøyrande føresegner blir innarbeid i planen.

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Osterøy kommune v/plan seinast innan 3. desember 2019.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksistenande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.

 


Sist oppdatert: 06.11.2019
Publisert: 06.11.2019