HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - Varsel om oppstart av privat reguleringsplan for Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan

Kunngjering - Varsel om oppstart av privat reguleringsplan for Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan

I medhald av plan og bygningsloven sin §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla oppstart av privat reguleringsplan for gnr 87, bnr 3 m.fl, Hoshovdstølen - Osterøy kommune. Delar av planområdet har vore varsla oppstart av tidlegare, i brev datert 08.12.2011, no er området sterkt utvida. Heile planområdet vert no varsla på nytt. Forslagstillarar og grunneigarar er Aksel Mjøs, Kari Mjøs og Arve Mjøs. Utførande plankonsulent er Arkitektgruppen CUBUS AS. 

Bakgrunn

Det vart varsla oppstart av planområdet i 2011. Det var ein rein bustadplan. Grunna m.a. at vi måtte vente på avklaringar i kommunedelplan for sjø og strandsone, og manglande løysingar for gangsambandet mellom planområdet og Hosanger sentrum, stoppa planarbeidet opp. Planarbeidet vert no starta opp att og inkluderer eit areal som både har med seg bustadområdet som vart varsla i 2011 og attmed det m.a. ein gangsti til Hosanger, eit friluftsområde i strandsona med utvida naustområde og justeringar av vedteken hytteplan i Heldalsområdet. Gangstien til Hosanger vil ligge innafor arealet til pågåande detaljregulering for Hosanger næringsområde.

Sjå informasjonsnotat med utdjupande informasjon

Planområdet

Sjå kart over plangrensa.

Planområdet har ein storleik på ca.180 daa. Området som skal regulerast ligg nordvest for Hosanger sentrum og omfattar areal både på land og i sjø, og både allereie utbygde og ubygde areal. Avgrensinga av planforslaget er vist på vedlagt kart.

Arealet på land er tenkt regulert til konsentrerte bustader med tilhøyrande leikeareal, tilkomstveg og parkering. I hamneområdet vert det lagt opp til etablering av småbåthamn, offentleg strandsti og
fellesnaust. Delar av planområdet omfattar vedteken reguleringsplan for Heldal. Arealet er teke med for å sikre gode felles løysingar for parkering, avkøyring og tilkomst til bustad og hamneområdet. Fylkesvegen er teken med for å sikre gode løysingar for fleire avkøyringar, haldeplass for buss, og for å sikre trafikktrygg kryssing av fylkesvegen.

Planområdet omfattar ei lang lenke over åsen mot Hosanger. Arealet er med i plangrensa for å regulere ein ny, trafikktrygg gangsti mellom planområdet og Hosanger der ein finn m.a. arbeidsplassar, barnehage, skule, butikk, idrettsaktivitetar m.m. Gangstien er sentral for å sikre tett samband mellom dei nye utviklingsområda på Hoshovde og og sentrumsområdet på Hosanger. Gangstien vil også vere eit tilbod om ny, lett tilgjengeleg turveg og kan verte eit viktig tiltak for folkehelse og tilkomst til naturområde for busette i nærområdet og vitjande. Gangstien går gjennom delar av arealet til pågåande plan for Hosanger næringsområde. Fyrste del av gangstien frå Hoshovdesida er i praksis opparbeidd allereie i samband med etableringa av ny veg til nytt høgdebasseng i Åsen.

Verknader av planen

Planen vil føre til noko bygging i strandsona og etablering av gangsti i LNF område.

For dei eksisterande bustadane som er innlemma i planområdet, vil det i samråd med eigarane og vegingeniør bli sett på avkjørslene. Dei eksisterande bustadene ligg per i dag i LNF område, og vil bli regulert til bustad. Gjennom planarbeidet vil det bli sett på ei eventuell ny plassering av busstopp og etablering av gangfelt over fylkesvegen. Reguleringsplanen vil og leggje rammene for utbygging av eit nytt friluft og hamneområde, med småbåthamn, parkeringsplass, fellesnaust, badeplass og strandsti. Utforminga av hamneområdet vil bli drøfta i samråd med nausteigarar i Havnen.

Vedlegg

Medverknad og nærare informasjon

Tiltakshavar tek sikte på å arrangere eit folkemøte i samband med planprosessen. Det vil kome seinare i prosessen når planane teke noko meir form og ein har meir å syne fram og drøfte. Ein vil kome attende til når og kor eit møte vert halde.

Det er elles informasjon å hente på facebooksida «Hoshovdstølen» og Arkitektgruppen CUBUS sin nettside www.arkcubus.no.

For nærare informasjon om planarbeidet kontakt:

Arkitektgruppen CUBUS, v/ Hanne K. Vie

Merknadar:

Merknadar som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til:

Arkitektgruppen CUBUS AS
PB 294 Sentrum
5804 Bergen

Eller sendast på e-post til hanne@arkcubus.no

Frist for merknadar er sett til den 13.09.2019

Alle dokument og merknader vert oppsummert, kommentert og oversent til Osterøy kommune saman med planforslaget.


Sist oppdatert: 08.08.2019
Publisert: 10.07.2019