HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering Utviding Mjelstad deponi, gbnr 121/21 m.fl/ - PlanID 46302021001 - Merknadsfrist 31.august 2021

Kunngjering - Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering Utviding Mjelstad deponi, gbnr 121/21 m.fl/ - PlanID 46302021001 - Merknadsfrist 31.august 2021

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8 vert det kunngjort oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Mjelstad deponi, i Osterøy kommune. 

Kartutsnittet viser varsla planområde (Rosa liner). Gjeldande reguleringsplan for Mjelstad avfallsdeponi er vist sør i det varsla planområdet. Om du klikkar på kartet, får du opp varslingskartet.

Vedtak om oppstart 

Vedtak om oppstart vart gjort av heradsstyret 24.februar 2021, saksnr 009/21.   

Du kan lese heile vedtaket og saksframlegget her. 

 

BIR AS er tiltakshavar. 

COWI AS er konsulent for planarbeidet. 

Føremålet med planarbeidet

Planen vil leggje til rette for at området nytta til oskedeponi kan verte utvida i nordvestleg retning, omliggjande vegetasjonsskjerm, og tilrettelegging for ein ny sigevassleidning til Osterfjorden. Nokre driftsbygningar knytt til deponidrifta kan verte flytta på området. Ein driftsveg kan også verte anlagt for tilgang til sigevassleidninga.

Oppdrettsanlegget til Sjøtroll ved Tepstad kjem og innanfor forslag til planavgrensing. Grunngjeving for at dette arealet er teken med er for å vurdere ulike trasear for ny sigevassleidning, og for å sikre at det vart teke omsyn til oppdrettsanlegget i varslinga av planen.

Føremålet med planarbeidet er å sjå på utvida drift av Mjelstad avfallsdeponi fram til endeleg avslutning av anlegget. Dagens kapasitet er 2 100 000 m3 og ein utviding kan verte i storleiksorden 800 000 m3. Dette kan gje ein forventa restlevetid på minst 36 år basert på dagens produksjon av avfall. Dette vil sikra vidare drift og eksisterande arbeidsplassar i tida framover.

Planområdet

Planområde ligg vest på Osterøy, i Osterøy kommune, og er på om lag 1783 dekar. Varslingsområdet strekk seg frå dagens deponiområde på Mjelstad, til Osterfjorden. 

I kommuneplanen sin arealdel er varslingsområdet i hovudsak regulert til føremål landbruks-, natur- og friluftsformål og reindrift, på land. Dagens deponiområde har føremål andre typar bygningar og anlegg. I vatnet er arealføremål overordna bruk og vern av sjø og vassdrag og tilhøyrande strandsone, kombinert føremål i sjø og vassdrag, småbåthamn og akvakultur.

Det varsla området overlappar to gjeldande reguleringsplanar. For deponiområdet gjeld i dag reguleringsplan Mjelstad Restdeponi, Gnr. 121, Bnr. 21 og 22, med planID 504_65, vedtatt 29.04.98. Planen regulerer areal til tilkomstveg, tekniske bygg, deponiareal og omsynssoner på tilgrensande grønstruktur. Ved Osterfjorden nord for dagens deponiområde er det i dag reguler ei småbåthamn i reguleringsplan Klenavågen – Hamre småbåthamn, Gnr. 128, Bnr. 2, 3, 15, planID 20081100, vedtatt 16.06.2010. Sjøområdet er i denne planen regulert til privat småbåtanlegg, og friluftsområde i sjø og vassdrag.

Planprogram

Planen er omfatta av forskrift for konsekvensutreiing, og planprogram ligg på høyring samstundes som varsling om oppstart. Planprogram gjer greie for kva tema som vil bli utgreia i planarbeidet.

Du kan lese planprogrammet her.

Vedlegg til planprogrammet finn du her.

 

Merknader til varsel om oppstart

Eventuelle innspel eller uttaler til varsling av oppstart må rettas skriftleg til COWI AS v/ Vidar Østerbø, e-post til vos@cowi.com, eller per brev til Sandvenvegen 40, 5600 Nordheimsund.

Merk uttalen med saksbehandlar sitt namn og kva planarbeid det gjeld. 

Merknadsfrist er sett til 31.august 2021. 

Innspel og merknader får ikkje eigne svarbrev, men vert kommentert og vurdert av forslagsstillar, og er ein del av det samla planmaterialet som vert sendt til kommunen for videre handsaming. I samanheng med varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid vert det lagra persondata om eigarar av vedkommande eigedomar – namn, eigendomsnummer og adresse.

Dersom det er spørsmål til planarbeidet, kan spørsmål rettast til plankonsulent, eller til prosjektleiar i BIR AS.

Prosjektleiar i BIR AS:

Einar Haaland
E-post: einar.haaland@bir.no
Telefon: 950 54 141


Sist oppdatert: 01.10.2021
Publisert: 02.07.2021