HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - Oppstart av planarbeid - Detaljregulering Hauge offentlege tenester planID 46302020003, delar av gbnr 4/4.

Kunngjering - Oppstart av planarbeid - Detaljregulering Hauge offentlege tenester planID 46302020003, delar av gbnr 4/4.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla igangsetting av offentleg reguleringsarbeid for delar av gbnr 4/4 i Osterøy kommune med planID 46302020003

Planstatus

Planområdet er sett av til  LNF i gjeldande kommuneplan.

I Heradstyrevedtak dagsett 23.09.20 i saknr 056/20 vedtok Heradsstyre fylgjande:

"Erverva areal frå gnr. 4/4 og 21 vert nytta til bustad/kombinert formål, barnehage og LNF slik det går fram av rådmannen si vurdering og kartskisse. Område som vert lagt inn med endra føremål må regulerast etter gjeldande lovverk. Tomta må utnyttast på ein plasseffektiv måte som tilrettelegg for framtidig utviding av eventuell bygningsmasse. Arealet med landbruksjord på nordsida av kommunal veg, ca 5,7 daa, skal ikkje delast."

Vedtaket gjaldt eit større areal som også omfatta landbruksjord. Saksutgreiinga viser at det er vurdert som bustad/kombinerte føremål gjeld det området som er omfatta av denne detaljreguleringa. Det er sett av midlar til gjennomføring av offentlege tenester i budsjettet for 2021 og 2022. Heradsstyret har difor vurdert arealbruken for området.

Tiltaket er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Tiltaket er vurdert til å ikkje å falle inn under krav om konsekvensutreiingsplikt, KU.

Planområdet

Planområdet er avgrensa som vist på vedlagte kartutsnitt der planavgrensinga er i rosa, og utgjer om lag 8,5 daa.  

Planområdet er lokalisert i nærleiken av Hauge barnehage. Planområde er avgrensa og kommunen ønskjer å løyse tilkomst for mjuke trafikantar til Valestrandsvegen på eksisterande vegtrase. 

Tilkomst til busshaldeplass ligg direkte ved planområdet og krev ikkje eigen trase.

Føremål

Føremålet med planarbeidet er å etablere offentlege tenester med tilhøyrande infrastruktur. Føremålet er i strid med overordna plan.

Forslagsstillar

Tiltakshavar er Osterøy kommune. Kommunen ved planavdelinga er fagleg ansvarleg  for planlegginga.

Informasjon, medverknad og innspel:

For nærare informasjon kontakt kommunen ved planavdelinga post@osteroy.kommune.no eller pr telefon 56192172.

Innspel til planarbeidet sendast til post@osteroy.kommune.no eller Osterøy kommune v/plan, Postboks 1, 5293 Lonevåg

Frist for innspel er sett til: 28.05.21.

Kartskisse over planområdet


Sist oppdatert: 16.04.2021
Publisert: 16.04.2021