HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering om Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram til Kommuneplanen sin arealdel - Merknadsfrist til planprogrammet er 12.april.

Kunngjering om Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram til Kommuneplanen sin arealdel - Merknadsfrist til planprogrammet er 12.april.

Osterøy kommune skal rullere kommuneplanen sin arealdel. 

I planarbeidet skal det utarbeidast eit planprogram, som skildrar planprosessen og aktuelle tema. Heradsstyret vedtok i møte 23.februar 2022, i sak 004/22 at planprogrammet skal sendast ut på høyring og offentleg ettersyn.  

Du kan lese heile saksframlegget og vedtaket her. 

I møte 10.mars var eit oppfølgingsmøte av heradsstyret sitt vedtak 23.februar.

Du kan lese nytt vedtak om oppstart og utvida innspelsfrist her.

 Kommuneplanen sin arealdel

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna og langsiktig arealplan som skal utgjer eit styringsdokument for arealpolitikken i Osterøy.  Arealplanen skal syne hovudtrekka i korleis areala i kommunen skal nyttast og vernast, og kva viktige omsyn som må takast vare på ved disponeringa av areala. Planen skal gi grunnlag for langsiktig og positiv samfunnsutvikling i kommunen både med omsyn til næringsutvikling, busetnad og naturmangfald. Gjeldande arealplan skal no rullerast for å fange opp nye overordna føringar og retningsliner, nye kommunale utfordringar og nye mål, og få nye arealinnspel frå innbyggarar og næringsliv i kommunen.

Planen skal vere eit kunnskapsbasert forvaltningsverktøy for kommunen. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i Osterøy kommune. Planen og prosessen skal avklare ulike interesser og vere konfliktførebyggjande. 

Kommuneplanens arealdel skal syne korleis arealstrategien og andre føringar i samfunnsdelen blir omsett i konkret arealbruk. Planen skal óg syne kva omsyn som må takast ved disponering av areala. 

Arealdelen består av kart, føresegner, retningslinjer og planskildring. Kart og føresegner er juridisk bindande. 

Arealplanen skal utgjere eit godt grunnlag for iverksetting av dei berekraftsmåla som ligg nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Val av tema i arealplanen reflekterer såleis mål og andre føringar gitt i samfunnsdelen. Arealstrategien er ein viktig premissleverandør for kva tema arealdelen skal ha fokus på. 

Kordan kommuneplanens arealdel formar Osterøy

All arealbruk skal vere avklart i overordna plan og gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i Osterøy kommune. Planen og prosessen skal avklare ulike interesser og vere konfliktførebyggjande.

Kommuneplanens arealdel skal syne korleis arealstrategien og andre føringar i samfunnsdelen blir omsett i konkret arealbruk.

Arealplanen skal utgjere eit godt grunnlag for iverksetting av dei berekraftsmåla som ligg nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Val av tema i arealplanen reflekterer såleis mål og andre føringar gitt i samfunnsdelen. Arealstrategien er ein viktig premissleverandør for kva tema arealdelen skal ha fokus på. 

Planprogrammet

Du kan lese høyringsutkastet til planprogrammet her. 

Du finn og planprogrammet i servicekontoret på rådhuset, og på biblioteket i Lonevåg. 

Frist for å kome med merknadar til planprogrammet er sett til 12.april 2022.

Merkadar til planprogrammet kan du sende inn via e-post eller pr brev til Osterøy kommune, postboks 1, 5293 Lonevåg. 

Innspel til kommuneplanen sin arealdel

I kunngjering om høyring av planprogrammet vart det samstudnes opna for arealinnspel. Sidan planprogrammet ikkje er formelt vedteke, tek rådmannen atterhald om at planprogrammet kan verte endra frå høyringa til vedtak, og soleis tema som takast opp i planprosessen. 

Du kan sende inn arealinnspel via dette skjema.    

Skjema skal returnerast via e-post til post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg. 

Frist for arealinnspel er sett til 1.august 2022.

Arealinnspela må vere i tråd med arealstrategien som er vedteke i Kommuneplanen sin samfunnsdel.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021-2031 kan du lese her.

Planprogrammet legg opp til revisjon av desse tema: 

1. Bustadareal

Kvar

I følgje kommunen sin arealstrategi skal Osterøy kommune leggje til rette for bygging i sentra og i tilknyting til eksisterande bustadområde. Samstundes kan óg leggjast til rette for bygging i alle grender der det er etablert kommunal infrastruktur ut i frå grunngjevinga om at det ønskeleg med utvikling alle grender i kommunen. Storparten av bustadbygginga skal likevel kome i felt, og då i første rekke i tilknyting til eksisterande bustadfelt og sentra. Bustadmassen skal  i hovudsak vere i form av konsentrerte bustadformer. Det må likevel kunne sikrast busetnad i kommunen utanfor desse områda for mellom anna for å sikre at jordbruk og næringsliv utanfor dei etablerte sentra skal kan kunne driftast.  Kommunen har i dag fleire regulerte bustadområde som ikkje blir bygd ut mellom anna av di rekkjefølgjekrava er for store til at det blir lønnsamt. For å sikre at det skjer utvikling i bygdene vil desse områda bli vurdert gjort om til LNF-spreidd område.

LNF-spreidd

Arealføremålet LNF-spreidd (§ 11-7 andre ledd nr.5 bokstav b) kan vere ein viktig strategi for å oppretthalde busetnad og aktivitet i grendene, men må vurderast i høve til behov og til arealstrategien for bustader. Arealføremål LNF-spreidd kan opne opp for bygging av einskildhus på landbrukseigedom. Det er viktig at kommunen har tilgjengeleg areal i grendene som ein kan etablere bustad på utan at ein må gjennom reguleringsplan, men gjennom å sette krav gjennom føresegn og retningslinjer til desse områda. Lokalisering av husa innanfor LNF-spreidd, må skje utanom dyrka areal med eigna jord- og skogproduksjon. Bustader med tilkomstveg må ikkje plasserast slik at dei fører til ulemper for landbruksdrift eller annan næring.

Arealinnspel

Me ønskjer innspel til nye område for bustadbygging som er i samsvar med kommunen sin arealstrategi.

2. Næringsareal, inkludert næringsareal med trong til sjøtilgang

Kommunen har ei viktig rolle for å legge til rette for næringsutvikling, spesielt med omsyn til eigna og attraktive areal. I Osterøy må ein ta utgangspunkt både i kva ein har av næringar og kva potensiale desse har for å utvikle seg i grøn retning, men også arbeide for å trekke nye næringar eller bransjar til kommunen. Nye næringar/bransjar vil styrke mangfaldet i kommunen, gje Osterøy fleire næringsbein å stå på, gje nye arbeidsplassar og fleire innbyggarar, og såleis medverke til god samfunnsutvikling.

Status

Osterøy kommune har i dag fleire regulerte næringsområde av ulike storleik og lokalisering som utgjer tilstrekkeleg arealreservar for næringsareal i planperioden gitt dagens situasjon.  Av større næringsområde peikar særleg Espevoll seg ut. Espevoll næringsområde (550 dekar) ligg i tilknyting til fylkesveg 566 nær Osterøybrua og har såleis ei lokalisering som gjer området interessant også i ein regional samanheng. Området er likevel i hovudsak er næringsområde retta inn mot næringslivet i Osterøy, men av di det er stor etterspurnad etter eigna næringsareal i Bergensregionen vil Espevoll også vere eit aktuelt område i denne samanheng. Arbeidet med Espevoll har teke lang tid, men er i dag i prosess til realisering. Oddalsmyra er i ferd med å bli fylt opp og vil såleis ikkje vere aktuelt næringsområde for nyetablering på sikt. Mindre, regulerte næringsareal vil bli vurderte i rulleringa om dei framleis skal ha status som næringsareal.

Ulike typar verksemder

Eit viktig skilje går mellom framtidig næringsetablering og  etablerte, ofte familiedrevne verksemder med forankring i sine respektive lokalsamfunn. Nye verksemder skal i hovudsak lokaliserast til regulerte næringsområde. Veletablerte verksemder med sterk lokal tilknyting må så langt som mogleg få høve til å utvide areala sine der dei ligg. Det er viktig for Osterøy og for lokalsamfunna at tradisjonsrike og vellukka verksemder kan halde fram med å vere lokalisert der dei er i dag. Ein slik praksis vil i mange høve føre til ønskje om endring av arealføremål, t.d. frå LNF til næringsføremål. I slike høve står to arealføremål mot einannan der begge er viktige ut i frå kvar sin ståstad. Prosessen med arealplanen skal avklare slike saker til beste for Osterøysamfunnet, samt vere i samsvar med kommunale mål og kommunen sin arealstrategi, samt overordna føringar.

Arealinnspel knytt til næring, inkludert reiselivsverksemd, som krev tilgang til sjø vil bli vurderte.

Massedeponi

Det er vidare eit stort behov for å avklare areal for massedeponi. Søknader om plassering av massar viser at det er eit behov for areal til dette. For å legge til rette for ei kontrollert handsaming av massar som kjem til kommunen bør det i kommuneplanen setjast av areal som kan regulerast til oppbevaring av massar.  I følgje planstrategien skal ei slik avklaring skal gjerast i samband med rullering av arealdelen, og at ein i dette arbeidet også må prioritere areal, gje dei naudsynte føresegner og kartfeste dei. Areal for massedeponi vil bli kartfesta i samband med arealplanprosessen. Silingsrapporten «Samfunnsnyttig massedisponering Osterøy» frå 2018 vil danne eit grunnlag for vurderinga. Andre kunnskapskjelder kan kome til. Dette kan erstatte ein eigen plan for massedeponi.

Arealinnspel

Det er i dag truleg ikkje behov for nye næringsareal dei næraste åra då Espevoll saman med dei andre mindre næringsareala i kommunen vert rekna som tilstrekkeleg til å ta i mot det venta behovet for næringsetablering i kommunen. Det er likevel knytt ei viss uvisse til nettopp Espevoll sidan dette arealet også er interessant i ein regional samanheng. Kommunen ønskjer av den grunn innspel på nye område for næringsareal, inkludert areal for massedeponi, som er i samsvar med arealstrategien. Me ønsker også innspel på sjønært næringsareal.

3. Grøne og blå område

Grøne og blå område omfattar naturmangfald, landbruk,  grønstruktur og vassforvaltning. Me ser det som viktig å sjå desse tema i samanheng sidan dei er i stor grad er verkar inn på kvarandre. Grøne og blå område utgjer sjølve livsnerven i eit kvart samfunn og er såleis grunnleggande viktig å bli tatt godt vare på også for framtidige generasjonar. Bruk og vern av sjøområda og strandsona er handsama i kommunedelplan for sjø- og strandsona og vert i utgangspunktet ikkje omfatta av arbeidet med arealplanen.   

Naturmangfald 

Samfunnsdelen slår fast at Osterøy skal vere ein føregangskommune i ivaretaking av arealressursar.

Osterøy kommune skal gjennom sin arealbruk sikre det lokale naturmangfaldet. Dette er nedfelt som mål i samfunnsdelen.  Å ta vare på og sikre berekraftig bruk av naturlege økosystem er avgjerande for framtida til menneska. Dette er viktig både med tanke på matvareproduksjon og med tanke på å motverke alvorlege klimaeffektar. Dette kan blant anna bli gjort ved å auke kunnskapen om, kartlegge og ta omsyn til miljøtilstand, naturmangfald og naturressursane på land og i vann, og redusere miljøpåverknad.

Det bør bli gjennomført ein systematisk kartlegging av naturmangfald i kommunen. Ei slik kartlegging er viktig med omsyn til status og kvar ein eventuelt skal setje inn tiltak. Vidare bør det gjerast vurderingar om det er trong for å oppdatere verkemiddel i planen slik at dei tek i vare omsynet til vassmiljø og medverkar til at alt vatn i kommunen får god vasskvalitet, jf vassføreskrifta.

Skal me stanse tapet av naturmangfald i kommunen, må Osterøy bli arealnøytralt. Det betyr at vi må bruke om att og fortette allereie utbygde areal, framfor å bygge ut meir natur. Til dette arbeidet treng kommunen eit arealrekneskap.

Landbruk

Jord- og skogbruksnæringane er viktige næringar for Osterøy. Dette gjeld ikkje berre med tanke på mattryggleik, sysselsetting og etterspurnad etter varer og tenester, men óg i form av vedlikehald og skjøtsel av kulturlandskapet. For ein kommune som Osterøy som ynskjer å vere i forkant av det grøne skiftet er det særs viktig å leggja til rette for at kommunen skal ha eit aktivt landbruk også i framtida. I følgje kommuneplanen sin samfunnsdel skal arealutviklinga i kommunen vera basert på eit strengt jordvern, og det skal etablerast gode buffersoner mot jordbruksareal ved utbygging av til dømes bustad- og næringsområde. På den måten vil ein redusera faren for interessekonfliktar knytt til arealbruken i framtida.

Samfunnsdelen slår vidare fast at omdisponering av dyrka og dyrkbar jord til ikkje-landbruksføremål må haldast på eit minimum. Tal frå Miljødirektoratet syner at Osterøy i 2020 var blant dei kommunane i fylket som omdisponerte (etter plan- og bygningslova) mest jordbruksareal til anna føremål enn landbruk. Dette blir eit viktig tema i den reviderte arealplanen.

For å auke og betre tilhøva for jordbruk og skogbrukdrift må me arbeide systematisk med å få nytta ressursar som overskotsmassar frå utbyggingar best mogleg og med kortast mogleg transport. Dette må i størst mogleg grad nyttast lokalt for å auke areal som kan haustast og nyttast maskinelt. Der andre viktige utviklingsføremål gjer det uunngåeleg å bygge ut på matjord eller dyrkbar jord, skal jordressursane takast vare på og brukast til å etablere ny eller forbetre allereie eksisterande matjord andre stader i kommunen.

Skog blir i dag stadigare viktigare i klimapolitikken ved at trea i skogen bind karbon, samtidig som produkt av tre kan vere gode alternativ til produkt laga av fossile råstoff. Skogbruk må såleis bli sett på som ein del av det grøne skiftet. Det er likevel slik at skogbruk i mange høve utgjer eit stort trugsmål mot biologisk mangfald, t.d. ved at plantefelt med gran gjer skogsbotnen nærast livlaus.  I eit berekraftperspektiv er det såleis særs viktig at skogbruket ikkje kjem i konflikt med biologisk mangfald, landskapsvern og klimarelaterte tiltak.

Gardsbasert reiseliv/gardsturisme kan ha eit stort utviklingspotensiale på Osterøy og vil kunne bli ei viktig attåtnæring for bønder, samstundes som det kan bli ei besøksnæring for kommunen. Me ser dette som eit viktig tema og ønskjer å ha ekstra merksemd mot dette i arbeidet med arealplanen.

Grønstruktur

Grønstrukturen er veven av store og små naturprega område. Grønstrukturen omfattar typisk parker, friområde, turdrag og andre ubygde areal med naturpreg. Langs vatn og vassdrag kan elvekorridorar og bekkedrag være ein del av grønstrukturen, ein snakkar då gjerne om blå-grøn infrastruktur.  Grønstrukturar er viktig for menneske i form av t.d. friluftsområde og turstiar, men óg for flora og fauna som habitat og som viktige korridorar for vandring og spreiing av artar.

Grøne strukturar er viktige for utfalding av friluftsliv som er ei viktig kjelde til folkehelse, naturopplevingar, rekreasjon og meistringsglede. Friluftsliv er av den gunn eit viktig tema i arealplanen ved at grønstrukturar må teiknast inn i arealplankartet. Dette vil også omfatte  friluftslivet sine ferdselsårer i form av turvegar og stiar, samt viktige dyretråkk og spreiingskorridorar. Friluftsliv og ferdselsårer vil bli tema for ein eigen kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i 2022 og vil av den grunn ikkje bli nærare omtalt her. I skrivande stund vert det også arbeidd med å kartlegge turvegar og turstiar i samband med utarbeidinga av Handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet. Ei slik kartlegging vart også gjennomført i samband med utarbeiding av Kommunedelplan for sjø- og strandsone 2015 – 2025 for dei områda som vart omfatta av denne planen. Både område for friluftsliv og turvegar/turstiar skal leggast inn i arealplankartet.

Vatn, vassdrag og vassmiljø

Kommuneplanen sin arealdel skal ivareta naturmiljøet i og langs vassdraga, sikre brukarinteresser knytt til vassdrag og hindre arealbruk og tiltak som fører til at miljømåla for vasskvalitet ikkje blir nådd.

I forskrift om «rammer for vannforvaltningen» (vassforskrifta) § 4 står det at tilstanden i «overflatevatn skal beskyttast slik at den ikkje blir redusert, samt forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassførekomstane skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand.» Kommunen kan ikkje sette av nye areal for utbygging dersom dette gjer at miljøtilstanden i resipientar blir redusert eller at det blir vanskelegare å nå miljømåla.

Det er viktig å ta vare på kantvegetasjonen langs vassdraga. Tap av kantvegetasjon er ei utfordring som fører til auka avrenning av næringssalt, auka fare for elveerosjon, degradert habitatkvalitet for vasslevande organismar og reduksjon i biologisk mangfald langs vassdraga. Langs vassdrag med årssikker vassføring skal det bli oppretthaldt kantvegetasjon, jf. vassressurslova § 11 der Statsforvaltaren er mynde. Plan- og bygningslova gir kommunen høve til å fastsetje føresegner for å sikre eller oppretthalde kantvegetasjon langs vassdraga, mellom anna fastsetje minimumsbreidda på kantvegetasjonen, jf. pbl § 11-11 nr. 5. Vi viser også til rettleiar frå NVE.

Klimaendringar og arealendringar med harde flater fører til utfordringar for vassmiljøet, mellom anna auka mengd overvatn og framandvatn til avløpsanlegg, auka erosjon, flaum, skred og behov for førebyggjande og avbøtande tiltak. Lokale løysningar med samanhengande grønstruktur og opne vassvegar i og rundt tettstader kan dempe effektane av klimaendringar, redusere forureiningar og samtidig bidra til naturmangfald og opplevingar. Kommunen bør vurdere å ta inn planføresegnar om lokale og naturbaserte løysingar for overvatn der det er eigna.

Føresegn om at det ikkje er tillate med bekkelukking unntatt der det er heilt nødvendig må inn i planen. Kommunen må også vurdere om det er aktuelt å ta inn i føresegna at lukka bekker skal opnast og reetablerast i ein samanhengande grønstruktur der det er hensiktsmessig. Ved eventuelle behov for nye vegkryssingar med bekker skal det så langt som mogleg veljast opne løysningar som bruer eller halvkulvertar. Det må ikkje etablerast hindringar for oppvandring av anadrom fisk. Eksisterande hindringar bør fjernast.

Arealinnspel

Me ønskjer innspel på nye område som bør takast vare på i høve til naturmangfald, gardsbasert reiseliv/gardsturisme og vern av vassdrag. 

Det vert i tillegg opna opp for innspel til areal for kommunale bygg, massedeponi og kartfesting av faste kulturminne. Det vert ikkje opna opp for arealinnspel knytt til sjø – og strandsona. Årsaka til dette er at slike innspel vart handsama i planprosessen for Kommunedelplan for sjø- og strandsone 2018 – 2027 som framleis er gyldig. Det vert heller ikkje opna opp for arealinnspel for fritidsbustader i denne omgang.

Innspel til utbyggingsføremål kan kome frå einskildpersonar, lag og organisasjonar og næringsliv. Det vert også opna opp for arealinnspel frå kommunen, t.d. i samband med arealbehov for driftsbygningar og i samband med gjennomføring av bustadsosial handlingsplan. Arealinnspel kan til dømes gjelde ønske om å leggje ut areal til nye bustadområde og næringsføremål, men også om vern av natur og kulturminne.

Krav til arealinnspel er omtalt i kapitel 7 i planprogrammet.

Informasjonsmøte i høyringsperioden

Osterøy kommune inviterer til grendamøte i perioden fram til 1.august. 

I møta vil planavdelinga informera om planen og svare på spørsmål knytt til medverknad, innspel og prosess. Me oppfordrar innbyggarar, lag og foreiningar og næringsliv til å møte opp og kome med synspunkt på korleis arealbruken i kommunen bør vere fram mot 2033.

Det vert halde ope møte fire stadar i kommunen. Me ber at de finn den møtestaden som høver best for dykk. Møtet i Lonevåg er eit utvida møte som også vil omfatte medverknad i klimatilpassing.

Tidspunkt for grendamøter: 

For kven

Når

Kvar

Haus og Bruvik

25.mai  

kl 18 - 20

Haus skule, gymsalen

Valestrand, Hauge og Hamre, Hjellvik

1.juni    

kl 18 - 20

Valestrand skule, gymsalen

Lonevåg

8. juni   

kl 18 - 21

Rådhuset/Heradsstyresalen

Hosanger og Fotlandsvåg

15.juni  

kl 18 - 20

Fotlandsvåg skule, gymsalen


Sist oppdatert: 13.05.2022
Publisert: 28.02.2022