KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2023
I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 er det høve til å førehandsrøysta frå 03. juli.
Dette vert kalla tidlegrøysting, og er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøystinga (frå 10. august), og som heller ikkje kan røysta på valdagen 11. september.
Tidlegrøystinga startar 03. og varar til 09. august.
Røystestad: Osterøy rådhus i vanleg opningstid kl. 09.00 – 15.00
Har du spørsmål, så ta kontakt på telefon 56192100 eller 56192163
Meir informasjon om valet finn du på heimesida vår, www.osteroy.kommune.no
Sist oppdatert:
03.07.2023
Publisert:
03.07.2023