Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram for Kommunedelplan for kulturmiljø i Osterøy kommune
Jamfør Plan- og bygningslova (PBL) § 11-13 skal det ved varsel om oppstart av planarbeid utarbeidast planprogram for alle planar med vesentlege verknadar for miljø og samfunn. Heradsstyret har vedteke at Kommunedelplan for kulturmiljø skal utarbeidast. Saka gjeld varsling av oppstart av planarbeid og at utkast til planprogram vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker.
Heradsstyret gjorde i møte 22/2 2023 følgjande vedtak:
Oppstart av planarbeid av Kommunedelplan for kulturmiljø i Osterøy kommune 2024-2033. Utkast til Planprogram for kommunedelplan for kulturmiljø i Osterøy kommune 2024-2033 vert lagt ut til offentleg høyring og ettersyn, jf. PBL § 11-13 Det vert valt ei arbeidsgruppe på inntil 5 personar som skal arbeide med planen. Medlemmane vert valte av og blant medlemmane og varamedlemmene i eksisterande heradsstyre og vert sitjande i utvalet fram til arbeidet med denne planen er avslutta.
Saksframlegg og vedtak kan du lese i sin heilskap her.
Saka
I samband med revisjon av kommuneplanen sin arealdel som starta opp våren 2022, vart arbeidet med kulturminneplanen teke opp att. Arbeidet stoppa opp i 2016. Planstrategien for Osterøy kommune 2021 – 2024 legg óg til grunn at det skal utarbeidast kommunedelplan for kulturminne i perioden. Sidan det er gått såpass lang tid sidan planoppstart vart vedteke og planprogrammet vart utarbeidd og sendt på høyring, har rådmannen rådd til at planarbeidet bør meldast opp på nytt. Dette vil óg omfatte ein revisjon av planprogrammet frå 2016. Det reviderte planprogrammet byggjer på det gamle, men er oppjustert på overordna føringar og på lokale utfordringar, samt organisering og framdrift.
Utfordringar
I møte med framtida står kulturmiljø ovanfor ei rekkje utfordringar som til dømes endring i arealbruk, endring av bruk og utfordringar knytt til klima. Arbeidet med kulturmiljøplanen har som mål å utvikle og samordne strategiar for korleis ein ønskjer å møte utfordringane og stø opp under ei berekraftig forvaltning av kulturarven. Arbeidet med kommunedelplan for kulturmiljø vil gå føre seg parallelt med revisjon av kommuneplanen sin arealdel.
Planprogram
Planprogrammet for Kommunedelplan for kulturmiljø kan du lese her.
Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn
Framlegg til planprogram skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.
Me inviterer lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar til å kome med innspel til planprogrammet og til å melde interesse for å vere lokale ressurspersonar i det vidare planarbeidet.
Merknader og innspel til planprogrammet må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.
For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no , eller per brevpost til
Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.