HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring og offentleg ettersyn - Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune 2020-2024

Høyring og offentleg ettersyn - Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune 2020-2024

Trafikktryggleik gjeld oss alle på tvers av alder og funksjon. Me har alle eit ansvar i trafikken ved å vise gode haldningar når me ferdast langs vegen. Kommunen har eit særskilt ansvar ved at den er arbeidsgjevar, vegeigar, barnehageeigar, skuleeigar og kjøpar av transporttenester. Kommunen sine målsetjingar er å førebyggja  ulukker og gjera det meir attraktivt å gå/sykle langs veg.

Planen er revidert med innstillinga frå politisk arbeidsgruppe som vart nedsett i 2019 for å revidere handlingsdelen i Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune 2016-2020. Arbeidsgruppa, som kalla seg for trafikksikringsnemda i arbeidsperioden, hadde i løpet av våren 2019 gruppemøter og møter med grendaråd der dei samla kom fram til ønska prioriterte trafikksikringstiltak. Dei prioriterte trafikksikringstiltaka utgjer handlingsdelen i trafikksikringsplanen for perioden 2020-2024.

I tillegg til innstillinga frå trafikksikringsnemda legg rådmannen inn nokon tiltak som er naudsynt for realisering av pågåande prosjekt.

Ein godkjend trafikksikringsplan er eit krav ved tildeling av midlar til trafikksikringstiltak frå stat og fylkeskommune.

I oppdatert handlingsdel vert fylgjande lister i Trafikksikringsplanen erstatta:

C. MINDRE INVESTERINGSTILTAK – IKKJE PRIORITERT LISTE

D. UTARBEIDING AV PLANAR – PRIORITERT LISTE

E. STØRRE INVESTERINGSTILTAK – PRIORITERT LISTE

F. RASSIKRING – PRIORITERT LISTE

G. VEDLIKEHALD – IKKJE PRIORITERT LISTE

H. IKKJE AKTUELLE TILTAK / ALLEREIE UTFØRTE TILTAK

med fylgjande lister frå innstillinga frå arbeidsgruppe for revisjon av handlingsdelen i Temaplan for trafikksikring:

C. RTP/HD: Rassikring av fylkesvegar (5.1)

D. RTP/HD: Trygg skuleveg (5.2)

E. RTP/HD: Store prosjekt (5.3)

F. RTP/HD: Reiseliv og tiltak langs fylkesvegnettet (5.6)

G. RTP/HD: Auke i kollektivandel, sykkel og gange (7.1)

H. Fylkesvegar: Mindre fysiske trafikksikringstiltak

I. Innspel til Fylkeskommunen/Statens Vegvesen: Endring av fartsgrenser

J. Innspel til Fylkeskommunen/Statens Vegvesen: Andre tiltak

K. Kommunale tiltak

I tillegg til innstillinga frå arbeidsgruppa har rådmannen lagt til nokre tiltak som er naudsynt grunna realisering av pågåande prosjekt.

Du kan lese Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune 2020-2024 i sin heilskap her. 

Framlegget vert med dette lagt ut til offentleg høyring.

Høyringsfrist: 30.oktober 2020

Uttale til framlegget og foreslåtte endringar eller andre kommentarar vert å senda til: post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osterøy kommune, postboks 1, 5293 Lonevåg.


Sist oppdatert: 14.09.2020
Publisert: 14.09.2020