Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram for Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Osterøy kommune - merknadsfrist 31.august 2021
Heradsstyret gjorde i møte 17/6 2021, i sak 058/21 følgjande vedtak:
1. Heradsstyret vedtek med dette oppstart av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, PlanID 46302021002, jf. plan- og bygningsloven § 11-12.
2. Heradsstyret vedtek at framlegg til planprogram, med slikt tillegg under Mål for planarbeidet, s. 4: Nytt tredje strekpunkt: Osterøy skal, i eigen regi eller i samarbeid med lag, organisasjonar eller verksemder, kartlegge eksisterande ferdselsvegar (vegar, stiar, tråkk, etc.) og aktuelle nye friluftsområde med mål om å legga til rette for vesentleg auka fysisk aktivitet i naturen. (Auka tilgang til desse naturgoda skal òg vere ein del av arbeidet med å auke attraktiviteten til Osterøy), vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker med heimel i plan- og bygningsloven §§ 11-13 og 11-14.
3. Heradsstyret vedtek at gjeldande kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2008- 2019 forlengast til å gjelde ut 2022.
4. Medlemmer i arbeidsgruppa til planarbeidet: Helge V. Edvardsdal, SP og Øyvind Litland, AP.
Tilleggspunkt: Del 3 «Gjennomføring av planarbeidet» side 7, «Organisering av planarbeidet» kjem «Styret i Osterøy Aktiv AS» inn som kulepunkt i lista over referansegrupper.
Heile sakframlegget kan du lese her.
Saksopplysningar
Kommunedelplanen er avgrensa til å gjelde for idrett og fysisk aktivitet, og har mellom anna mål som å gje eit oversyn over nærmiljøanlegg, ordinære anlegg, kartlagde friluftsområde og leggje til rette for at innbyggjarane i Osterøy kommune har moglegheiter til å utøve organisert og uorganisert idrett og friluftsaktivitetar kvar dag.
Planen skal difor kartlegge og sikre friluftsområde, gje eit oversyn over kva anlegg som er i dag. Planen skal syne kva anlegg Osterøy kommune treng i planperioden og kvar desse bør ligge.
Det er krav til planprogram jf. pbl § 4-1, då planen er ein kommunedelplan som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn.
Planprogram
Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn
Framlegg til planprogram skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.
Merknader til planproggrammet må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.
For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til
Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.
Merknadsfrist: 31.august 2021