HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring og offentleg ettersyn - Heilskapleg risiko- og sårbaranalyse for Osterøy kommune 2022

Høyring og offentleg ettersyn - Heilskapleg risiko- og sårbaranalyse for Osterøy kommune 2022

Det er gått 4 år sidan Osterøy kommune laga si første heilskaplege risiko- og sårbaranalyse jf forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2. Risiko- og sårbaranalysar skal vere oppdaterte. Arbeidet med revisjonen starta difor opp hausten 2021. Rapport frå arbeidet vert med dette sendt ut på høyring og offentleg ettersyn i 4 veker.

Du kan lese heile rapporten her.

Saksframlegget til politisk handsaming i formannskapet 7.september kan du lese her.

Om rapporten

I Osterøy-ROS 2022 er det analysert 23 uønska hendingar. Kategoriane av uønska hendingar er: 

  • Naturhendingar 
  • Ulukker 
  • Tilsikta hendingar 
  • Kritisk infrastruktur 
  • Andre hendingar  

Det er vurdert at desse hendingane skal vere dekkande for å avdekke risiko i Osterøy kommune, både når det gjeld kommunen som organisasjon og kommunen som samfunn.  

I rapporten er det skrive om kvar einskild hending og konklusjonar frå analyseskjema. Dette gjer at rapporten er vorten omfattande. Rådmannen vonar at rapporten kan verte eit oppslagsverk som grunnlag for vidare arbeid med analysane.  

Alt i alt vurderer rådmannen at analysane er gode nok til å kunne gje eit oversyn over det som er risiko for Osterøy kommune som kommune og samfunn, og til å gje tilstrekkeleg avgjerdsstøtte for oppfølging av risiko- og sårbararbeidet vidare. Rådmannen rår difor Formannskapet til vedta utlegging av framlegget til heilskapleg risiko- og sårbaranalyse for Osterøy 2022, Osterøy-ROS  2022, på høyring og offentleg ettersyn i minimum 4 veker.

Merknad

Merknader må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. 

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merk innsending av merknaden med sak 21/2575 

Merknadsfrist: 16.oktober 2022


Sist oppdatert: 13.09.2022
Publisert: 13.09.2022